Plommesekk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Idealisert amniot-foster.
a - Foster
b -Plommesekk
c - Allantois
d - Amnion
e - Chorion

Plommesekk er ein del av eit foster hjå virveldyr med egg med mykje eggeplomme. Hjå slike dyr vil ikkje cellekløyvingen vera i stand til å splitta opp plommemassen, og fosteret veks i staden rundt plomma. Etter kvart som fosteret veks vil mengda plomme i sekken minsa. Sekken blir til slutt trekt inn i buken og blir ein del av magesekken til det vaksne dyret.

Ved klekking vil mange dyr ha ein synleg ytre plommesekk som dei lever av dei første dagane etter klekkinga.[1] Dette gjeld særleg hjå yngel av beinfisk, skjelpadder og krokodillar, og førekjem hjå ein del fuglar og skater.

Sjølv om dei fleste pattedyr ikkje har plomme, vil det likevel bli danna ein plommesekk som eit ledd i utviklinga av fordøyingssystemet. Denne plommesekken er også synleg på menneskefosteret i dei første fire vekene av utviklinga før han blir inkorporert i tarmsystemet. Plommesekken er også utgangspunktet for danninga av morkake og navlestreng hjå dyr med morkake.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fish Life Cycle». Aquaculture at the MIT Sea Grant Finfish Hatchery Gloucester Maritime Heritage Center. Massachusetts Institute of Technology. Arkivert frå originalen 6. mai 2017. Henta 15. mai 2017. 
  2. Moore, K.L., Persaud, T.V.N & Torchia, M.G. (2013). «7». The developing human : clinically oriented embryology (9. utg.). Saunders/Elsevier. s. 109-142. ISBN 978-1437720020.