Polarkvervel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Polarkvervelen er ein vedvarande, storskala syklon som ein finn nær polane i den midtre og øvre troposfæren og i stratosfæren. Virvelen er kraftigast på vinterhalvkula når temperaturgradienten er størst, og blir liten eller kan forsvinne om sommaren. Polarvirvelen over Antarktis er meir tydeleg og vedvarande enn den over Arktis. Dette kjem av at fordelinga av landmassar på høge breiddegrader på nordlege halvkule fører til rossbybølgjer som medverker til å bryte ned virvelen. På sørlege halvkule er virvelen meir eller mindre uforstyrra. Virvelen over Arktis er òg meir langstrakt og har to senter, eitt om lag over Baffin Island i Canada og det andre over det nordaustlege Sibir.

Kjemiske prosessar i den antarktiske polarvirvelen har ført til kraftig nedbryting av ozon. Salpetersyre i perlemorskyer reagerer med KFK-gassar og dannar klor, som er ein katalysator for fotokjemisk nedbryting av ozon. Klormengda bygger seg opp om vinteren, og ozonnedbrytinga blir dermed størst når sollyset kjem tilbake om våren (september/oktober). Desse skyene kan berre dannast i temperaturar rundt -80 °C, så sidan Arktis er varmare er det ikkje ozonhol her.

Andre planetar og månar i solsystemet er òg kjend for å ha polarvirvlar, inkludert Venus, Mars, Jupiter og Saturnmånen Titan.