Polist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Polist
Polist i Staraja Russa
Polist i Staraja Russa
Utspring Polisto
Munning Lovat
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 176 km
Middelvassføring 22 m³/s
Nedslagsfelt 3 630 km²

Polist (russisk По́листь) er ei elv i Pskov oblast og Novgorod oblast i Russland og ei av sideelvane til Lovat frå venstre. Elva er 176 km lang og har eit nedslagsfelt på 3 630 km². Elva har ei middelvassføring på 22 m³/s.

Elva spring ut frå innsjøen Polisto i Pskov oblast. Ho renn nordaustover og munnar ut i Lovat berre 15 km før Lovat sjølv munnar ut i Ilmen. Den historiske byen Staraja Russa ligg ved Polist. Elva er farbar for båtar nedanfor Staraja Russa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Polist