Ilmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ilmen
innsjø
Frå sørkysten av Ilmen.
Land  Russland
Tilsig Msta, Lovat, Sjelon
Utløp Volkhov
Høgd over havet 18 moh.
Lengd 40 km
Breidd 32 km
Areal 982 km²
Volum 908 km³
Koordinatar 58°20′N 31°20′E
Kart
Ilmen
58°16′0″ N 31°16′0″ E
Wikimedia Commons: Ilmen Lake

Ilmen (russisk Ильмень) er ein historisk viktig innsjø i Novgorod oblast i Russland, som tidlegare var ein viktig del av handelsruta frå væringane til grekarane. Byen Novgorod ligg seks kilometer nedanfor utsiget til innsjøen.

Elvene som renn inn i og ut av Il’men’.

Han har eit gjennomsnittleg overflateareal på 982 km² (kan variere frå 733 til 2090 km² avhengig av vassnivået). Innsjøen får vatn frå 52 elvar og dei fire største er Msta, Pola, Lovat, Sjelon og har eitt utsig, Volkhov som munnar ut i Ladoga og vidare via Neva til Finskebukta.

Vassnivået vert regulert av Volkhov vasskraftverk i elva Volkhov. I juli har innsjøen ein temperatur på 19-20 °C og badesesongen varer om lag 90 dagar. Det går skipsruter frå Novgorod til Staraja Russa og frå Novgorod til Sjimsk.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Namnet Il’men’ er av austersjøfinsk opphav, som mange elve- og innsjønamn i mellom det austersjøfinske og mordvinske området. Det moderne finske namnet på sjøen er Ilmajärvi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]