Staraja Russa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Staraja Russa
Старая Русса
Byvåpenet til Staraja Russa
Byvåpenet til Staraja Russa


Plassering
Staraja Russa is located in Russland
Staraja Russa is located in Novgorod oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Novgorod oblast
Først nemnd i
Bystatus
1167
1776
Geografi
Flatevidd
 - By

18,54 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

33 694
  1 817,4 /km²
Koordinatar 57°59′″N 31°21′″EKoordinatar: 57°59′″N 31°21′″E
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 175200-175207
Retningsnummer (tlf) +7 81652
Bilnummer 53
Nettstad: admgorod.strussa.net

Staraja Russa (russisk Ста́рая Ру́сса) er den tredje største byen i Novgorod oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved innsjøen Ilmen og elva Polist, rundt 100 km sør for Novgorod.

Som med store delar av Russland, så har òg Staraja Russa hatt nedgang i folketalet etter Sovjetunionen fall. Staraja Russa lufthamn ligg like søraust for byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jernbanestasjonen i Staraja Russa, frå eit postkort frå 1916.

Ein reknar med at byen oppstod på midten av 900-talet. Staraja Russa vart første gong nemnd i skriftlege kjelder under året 1076, som ein av dei tre hovudbyene i Novgorod, ved siden av Pskov og Ladoga. Namnet stammer frå væringane, som kalla seg «rus» og busette seg i nærleiken for å kontrollere viktige handelsruter frå Novgorod til Polotsk og Kiev.

Trehusbyggverka i Russa vart brend til grunnen i 1190 og 1194. I 1478 vart Novgorod og dermed òg Russa ein del av Storfyrstedømet Moskva. Ordet Staraja (gammal) vart føydd til namnet på 1400-talet, for å skilje han frå nyare busetnader med same namn.

På 1400–1600-talet endra den gamle handelsbyen seg til eit velståande industrisenter, med saltutvinningsom den førande verksemda. Byen var heilt fram til midten av 1800-talet ein særs viktig saltleverandør til Moskva-området. Då Ivan den skrekkelege kom til makta var Staraja Russa den fjerde mest folkerike byen i Russland, etter Moskva, Pskov og Novgorod. Under urotida i Russland (1598-1613) vart byen halde av polske røvarbandar og vart sterkt avfolka. Berre 38 menneske budde der i 1613.

I 1824 oppretta tsar Aleksander I de såkalla militære busetnadane nær Staraja Russa, som skulle verte åstad for eit opprør i 1831, som ein del av det såkalla koleraopprøret. Byen vart fiksjonalisert som Skotoprigonijevsk i Dostojevskij-romanen Brødrene Karamazov (1879-80).

Byen var okkupert av tyskarane mellom[9. august 1941 og 18. februar 1944. Byen vart totalt øydelagd av tyskarane, men er seinare gjennoppbygd.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Staraja Russa på ein 10 rubel-mynt frå 2003.

Staraja Russa er ein kurbadstad, kjend over heile Russland for sine mineralkjelder, som vert nytta til bading, drikking og innpusting, for medisinsk mudder frå dei salte innsjøane Verkhneje og Sredneje og mudder frå kunstige reservoar. Staraja Russa sanatorium vart grunnlagd i 1828 og har i dag den største mineralfonten i Europa. Parken er på 100 hektar. Staden vart tidlegare nytta av tsar-familien.

Byen er òg kjend for at forfattaren Fjodor Dostojevskij (1821–1881) budde her store delar av sommaren. Det var her Dostojevskij skreiv romanane Brødrene Karamazov og De besatte. Huset fungerer no som museum og heile andre etasje er framleis innreidd slik det var medan forfattaren sjølv budde der.

Komponisten Sergej Rakhmaninov (1873–1943) var fødd på eit gods i Semjonovo ved Staraja Russa, og budde i området dei første ti åra av livet sitt.

Byen har også eit folkeminnemuseum, Krajeveddtsjesky muzej, som huser gamle relikviar i ei kyrkje frå 1100-talet, eit lite galleri like ved og eit museum om Nordvestfronten under andre verdskrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Staraya Russa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]