Politiken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Politikens Hus på Rådhuspladsen i København.

Dagbladet Politiken er ei dansk avis som kjem ut dagleg (kvardagar og sundagar) i København. Utgjevar er JP/Politikens Hus, ein fusjon frå 1. januar 2003 av selskapa Politikens Hus og dagsavisa Morgenavisen Jyllands-Posten. Politiken har hovudkontor i Politikens Hus på Rådhuspladsen i København.

Politiken, som er ei av dei største avisene i Danmark, har tradisjonelt vore det som i Danmark vert kalla socialliberal, det vil seie at avisa i sitt syn på samfunnsproblema har tradisjon for å halde seg til venstre for midten av den politiske høgre-venstreaksen. Slik skil Politiken seg markant frå dei to andre store landsdekkjane avisene i Danmark, Berlingske Tidende og Jyllands-Posten, som båe er partipolitisk uavhengige aviser på den høgre sida i det politiske spekteret.

Soga til Dagbladet Politiken[endre | endre wikiteksten]

Avisa vart skipa 1. oktober 1884 i København av Viggo Hørup, Edvard Brandes og Hermann Meyer Bing. Viggo Hørup og Edvard Brandes hadde vore redaktørar saman av avisa Morgenbladet, som var skipa i 1873 som det danske politiske partiet Venstres fyrste hovudstadsorgan. Men då skiparen av Morgenbladet, Christen Berg, meinte at Viggo Hørup og Edvard Brandes hadde for radikale haldningar, gav han dei avskil som redaktørar, og dei gjekk då saman om å skipe Politiken for å gå vidare med tankane og ideane frå samarbeidet i Morgenbladet. Hermann Meyer Bing, som òg var av same meining som Hørups og Brandes, gjekk inn med sin personlege formue for å finansiere drifta av avisa. Han var son av den eine grunnleggjaren av Bing & Grøndahls Porcelænsfabrik A/S, og hadde kapital til rådvelde.

I 1904 kom den seinare storavisa Ekstra Bladet som eit tillegg til Politiken, frå 1. januar 1905 som sjølvstendig avis, og i 1912 flytta dei inn i avishuset på Rådhuspladsen i København.

Frå byrjinga hadde Politiken hatt tilknyting til det politiske partiet Det Radikale Venstre, men denne tilknytinga gav avisa slepp på i 1970. Frå då av har Politiken vore ei avis som har halde seg til eit moderat venstreorienteret syn. Ved Folketingsrøystinga i 2005 oppmoda avisa på leiarplass folk til å røyste radikalt.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!