Pordenone
| Pordenone | |||
|---|---|---|---|
| Palazzo Comunale i Pordenone | |||
|
|||
| Plassering | |||
|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land Region Provins |
Friuli-Venezia Giulia Pordenone |
||
| Borgarmeister | Sergio Bolzonello | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By |
38 km² |
||
| Innbyggjarar - Totalt (2004) - folketettleik |
51 044 1305/km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 24 m | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 33170 | ||
| Telefon-retningsnummer | 0 434 | ||
| Nettstad: www.comune.pordenone.it | |||
Pordenone (friulisk Pordenon) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Pordenone i regionen Friuli-Venezia Giulia og har om lag 50 000 innbyggjarar.
Namnet kjem frå det latinske «Portus Naonis» som tyder porten ved elva Noncello (latin Naon)
Historie[endre]
Pordenone vart grunnlagd seint i mellomalderen som ei elvehamn ved Noncello og namnet Portus Naonis. I området var det alt villaer og jordbruksbusetnadar i romartida. I 1378 vart byen gjeve til Habsburg-familien etter å ha høyrt til fleire føydale styre og vart ein del av patriarkatet Aquileia. På 1300-talet voks Pordenone raskt på grunn av den blømande handelen langs elva og han fekk bystatus i 1314.
I 1514 vart han ein del av Republikken Venezia som bygde ei ny hamn.
Etter napoleonskrigane vart Pordenone innlemma i Kongedømet Lombardia-Venetia. Då byen fekk jernbane- og vegsamband vart hamna mindre viktig, men industrien vart kraftig utvikla, mellom anna innan handsaming av bomull. Pordenone vart annektert til Italia i 1866.
Etter den andre verdskrigen vart den lokale bedrifta Zanussi ein verdsgigant innan hushaldningsutstyr og i 1968 vart Pordenone hovudstad i provinsen med same namn.
Pordenone og resten av Friuli-Venezia Giulia vart etter krigen ein garnison med mykje militæraktivitet for å hindre ein eventuell sovjetisk invasjon frå aust.
Bakgrunnsstoff[endre]
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Pordenone frå Engelsk Wikipedia .