Kongresspartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flagget til Kongresspartiet med partisymbolet, ei open hand.

Kongresspartiet er eit politisk parti i India som har hatt regjeringsmakt i lange tidsrom sidan landet fekk sjølvstende i 1947. Det blei grunnlagd som ei frigjeringsrørsle i Britisk India, og nådde særleg massane gjennom Mahatma Gandhi. Etter sjølvstendet har partiet hatt tette band til Gandhi-Nehru-dynastiet, med leiarar som Jawaharlal Nehru, Indira Gandhi og Rajiv Gandhi. Kongresspartiet har styrt India i periodane 1947 til 77, 1980–89, 1991–96 og 2004–2014.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Delegatar ved den første indiske nasjonalkongressen i 1885.

Forløparen til Kongresspartiet, Indian National Congress, blei skipa i 1885. Det endra namn til National Congress Party i 1947. Rørsla var til å begynna med moderat i sine nasjonale reformkrav, der dei bad om auka sjølvstyre for den britiske kolonien India. Etter at radikale nasjonalistar tok leiinga i 1916 blei partiet hovudorgan for den indiske frigjeringsrørsla.

Skiparane av partiet var hovudsakleg britar og europeisk-utdanna indarar frå Teosofisk samfunn, med Allan Octavian Hume som ein viktig pådrivar.[1] Womesh Chandra Bonnerjee var den første presidenten.[2] Partiet var dominert av intellektuelle høgkastehinduar, og lenge forkasta av tradisjonelle hinduar og muslimar. Med Mohandas Karamchand Gandhi (seinare kjend som «Mahatma») fekk Kongresspartiet tak på dei store massane.

Partiet hadde som mål å danna ein sjølvstyrt, etterkvart også sjølvstendig, indisk stat for alle folkegrupper. Kravet blei gjeve opp i 1947 etter sterke muslimske krav om ein eigen stat, og delinga av Britisk India gav dei moderne statane India og Pakistan.

Kongresspartiet var heilt dominerande i indisk politikk i åra etter sjølvstendet, med Jawaharlal Nehru som ubestridd leiar frå 1951 til han døydde i 1964. Etter dette var partiet i mange år prega av indre strid kring leiarar og politikk. I 1969 blei partiet delt gjennom ein strid rundt Indira Gandhi, dottera til Nehru, på den eine sida og ein høgrefløy i partiet, leia av Morarji Desai på den andre. Desai-grupperinga blei seinare kalla Old Congress eller Organization Congress, og gjekk i 1977 inn i Janata-alliansen.

Indira Gandhi samla dei fleste Kongressparti-tilhengjarane i sin meir radikale fløy kalla New Congress eller All-India Congress. Ho leid eit stort nederlag for Janata ved valet i 1977. Bitre indre strid etter nederlaget sprengte Kongresspartiet på nytt i januar 1978. Også denne gongen samla Gandhi dei fleste Kongressparti-tilhengjarane i si gruppering, som blei registrert under namnet Congress Indira, eller Congress (I). Etter ein valtriumf i 1980 overtok ho igjen regjeringsmakta. Då Indira Gandhi blei drepen ved eit attentat i 1984 blei ho etterfølgd av sonen Rajiv, som leia partiet fram til han blei drepen i 1991.

P.V. Narashima Rao var deretter partileiar fram til september 1996, då han kom under etterforsking for korrupsjon, og Sitaram Kesri overtok. Enkja etter Rajiv, Sonia Gandhi, overtok som leiar av Kongresspartiet i mars 1998. Partiet fekk mykje kritikk for korrupsjon og byråkrati og fekk relativt låg oppslutting ved vala i 1996, 1998 og 1999. I 2004 vann partiet overraskande valet, og danna ei koalisjonsregjering med Manmohan Singh som statsminister.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bevir, Mark (9 February 2013). «Theosophy and the Origins of the Indian National Congress». University of California, Berkeley. http://www.escholarship.org/uc/item/73b4862g?display=all. Henta 1 January 2003. 
  2. John F. Riddick (2006), The history of British India: a chronology, Greenwood Publishing Group, ISBN 0-313-32280-5, http://books.google.com/?id=Es6x4u_g19UC  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  • «Kongresspartiet» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 11. mai 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kongresspartiet