Provinsen Antártica Chilena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regionskart. Antártica Chilena i raudt.

Antártica Chilena er den sørlegaste av dei fire provinsane i Región de Magallanes y de Antártica Chilena i Chile. Denne provinsen dekkjer Storøya i Eldlandet sør for fjellkjeda Cordillera Darwin, dei sørlegaste øyane i den chilenske delen av Eldlandet samt Chilensk Antarktis. Provinsen er inndelt i to kommunar; Antártica som dekkjer det chilenske kravområdet i Antarktis, og Cabo de Hornos som dekkjer området i Eldlandet. Provinsen grensar i nord til provinsen Tierra del Fuego.

Medrekna Antarktis-området, har denne provinsen eit areal på 1,265,853.7 km2. Han er svært tunt befolka - i 2002 registrerte ein 2392 innbyggjarar i heile provinsen. Dei fleste av desse bur i provinshovudstaden Puerto WilliamsNavarino-øya.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]