Provinsen Cosenza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Cosenza
Nasjon Flag of Italy.svg Italia
Region Calabria
Hovudstad Cosenza
Areal 6 650 km²
Folketal (2001) 733 368
Folketettleik 110/km²
Kommunar 155
Bilnummer CS
Postnummer 87100
Retningsnummer (tlf) 0968, 0981-0985
President Mario Oliverio
Cosenza posizione.png
Plasseringa til Cosenza i Italia


Provinsen Cosenza (italiensk Provincia di Cosenza) er ein provins i regionen Calabria i Italia. Hovudstaden er byen Cosenza. Han har eit areal på 6 650 km² og totalt 733 797 innbyggjarar (2001). Det er 155 kommunar i provinsen.

Provinsen Cosenza har samfunn der oksitansk språk vert nytta (òg kalla Langue d'oc) i Guardia Piemontese, og oppstod då valdensarar eller Vaudoisrørsla, flykta hit for å unngå religiøsforfølging på 1200- og 1300-talet. Det er òg eit stort samfunn av Arbëreshë, som slo seg ned i Italia på 1400- og 1500-talet.

Kart over Cosenza

Største kommuane[endre | endre wikiteksten]

Pr 31. mai 2011

Kommune Folketal
Cosenza 69 926
Corigliano Calabro 40 612
Rossano 38 804
Rende 35 776
Castrovillari 22 514
Acri 21 129

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]