Pungreker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pungreker


Hemimysis anomala
Hemimysis anomala

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Crustacea
Klasse: Malacostraca
Overorden: Peracarida
Orden: Mysida
Vitskapleg namn
Mysida
A. H. Haworth, 1825

Pungreker eller rekeborn (Mysida) er ein orden små krepsdyr som lever over heile verda. Dei liknar på små reker, men kan skiljast frå dei ved at dei har fjorten-seksten bein på framkroppen i staden for ti. Desse kan dog vera vanskelege å få auga på. Ein skil dei frå kril på at dei manglar gjeller (unnateke Lophogastrida).

Dei fleste pungreker er små (2-80 mm, i norske farvatn vanlegvis 10-20 mm) og slanke småkreps med mange veldig små todelte bein som vert brukt til å symje med. Dei har godt utvikla ryggskjold som dekker mesteparten av overkroppen, og fasettaugo på stilk. Det finst nesten 1000 beskrivne artar mysider, og dei lever på alle havdjupner. Dei fleste er altetarar som filtrerer alger, plankton og drivande detritus or vatnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Brusca & Brusca: Invertebrates, Sinauer Associates 2003
  • Moen, Frank Emil & Svendsen, Erling: Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna, Kom forlag 2003
  • NeMys