Marathariket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marāthā sāmrājya
मराठा साम्राज्य
Rike
Flag of the Mughal Empire (triangular).svg
16741820 Flag of the British East India Company (1801).svg

Flagget til Marathariket

Flagg

Plasseringa til Marathariket
Territorium under Marathakontroll i 1760, markert med gult, utan vassalstatar.
Hovudstad Raigad, deretter Pune
Språk Marathi og mange andre
Religion Hinduistiske retninger og mange andre.
Styreform Monarki
Historie
 - Oppretta 21. april 1674
 - Opphøyrde 21. september 1820
Valuta Hon, rupi, paisa og mohor

Marathariket eller Marathaforbundet var eit rike som eksisterte mellom 1674 og 1818 og omfatta store delar av dagens India, Pakistan og Bangladesh. På sitt største omfatta riket størsteparten av det indiske subkontinentet og hadde eit areal på over 2,8 million km². Riket var styrt av marathitalanda hinduar frå Vest-India, og avløyste det muslimske mogulherredømet. Grunnleggjaren Shivadji er ein viktig indisk og hinduisk nasjonalhelt. Riket tapte seinare makt og territorium til det afghanske Durraniriket og til Det britiske austindiakompaniet. «Maratha» er nemninga på ein vestindisk kaste, men kan også visa til marathitalarar.

Marathariket oppstod på 1600-talet då Shivaji gjorde opprør mot stormogulen Aurangzeb. Riket utvida seg kraftig etter at Aurangzeb døydde i 1707, men tapte seinare Panjab til Durraniriket i det tredje slaget ved Panipat. Seinare blei riket delt opp i mindre marathastatar (av dette Marathaforbundet), som deretter tapte mot britane i dei tre anglo-maratha-krigane, der britane annekterte stadig meir av marathaområda. Tre av marathastatane overlevde som britiske vasallstatar fram til dei blei innlemma i sjølvstendige India i 1947–1948.

Personlegdommar i Marathariket[endre | endre wikiteksten]

Riket kom til å bli dominert av fem familiar: Peshwa frå Pune, som hadde det arvelege førsteministerembetet, Bhonsle, famlien til Shivaji, Scindia frå Gwalior i noverande Madhya Pradesh, Holkar frå Indore i Madhya Pradesh og Gaekwad frå Baroda i noverande Gujarat og Maharashtra.

Kongehus[endre | endre wikiteksten]

Bhonsle

Kolhapur

Peshwa[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marathariket

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kristiansen, Knut, Marathaer (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 16. februar 2014.