Question Mark & the Mysterians

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
? and the Mysterians
Opphav Bay City i Michigan, USA
Sjanger Rock and roll
Garasjerock
Proto-punk
Plateselskap Cameo-Parkway Records
Nettside Yahoo Music Bio
Tidlegare medlemmer
Larry Borjas
Mel Schacher
Richard Schultz
Eddie Serrato (trommer, 1965 - 1970)

Question Mark and the Mysterians (òg skrive ? and the Mysterians) var eit amerikansk rock and roll-band danna i Bay City i Michigan i 1962.

Bandet er mest kjend for songen «96 Tears», ein klassikar innan garasjerock frå 1966 som nådde førsteplassen på Billboard Hot 100 og so0m selde over ein million eksemplar. Question Mark and the Mysterians var det første bandet som vart kalla punkrock[1] og kan òg ha vore det første latinorock-bandet som nådde eit større publikum i USA. Bandet kalla seg opp etter filmen The Mysterians, ein japansk science fiction-film frå 1957.

Frontmannen og den viktigaste låtskrivaren i bandet var Question Mark. Sjølv om songaren aldri har stadfesta det, har opphavsrettregistreringar i Library of Congress vist at fødenamnet hans er Rudy Martinez. Den eksentriske oppførselen hans gjorde at han vart lagt merke til i heimlandet. Han hevda (og framleis hevdar) at han kjem frå Mars som levde med dinosaurar i fortida, og han har aldri vist seg offentleg utan solbriller.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bandet kom saman i 1962 og bestod av Larry Borjas på gitar, syskenbarnet Robert Balderrama på gitar og Robert Martinez på gitar og bongotrommer. Bandet spelte instrumentalmusikk inspirert av surefband og artistar som Link Wray. Etter kort tid kom Question Mark med på vokal. Desse meksikansk-amerikanske musikarane var frå Saginaw Valley-området i Michigan og Question Mark kom frå Flint.

Question Mark skreiv songen som skulle verte den første og største hitten deira, «96 Tears». Songen vart spelt inn 13. mars 1966 med ei litt anna besetning enn den som starta bandet. Songen vart ein lokal hit rundt Flint og Detroit. Question Mark reiste personleg rundt til radiostasjonar med for å få singelen spelt. Singelen vart lisensiert til Cameo-Parkway og songen vart ein stor nasjonal hit.

Dei to neste singlane til bandet, «I Need Somebody» og «Can't Get Enough of You Baby» gjekk òg inn på listene, men vart ikkje like populære som «96 Tears». Utover 60-åra skifta bandet besetning stadig vekk, og i 1969 kom bassisten Richards Schultz, som seinare var i Grand Funk Railroad, inn i bandet. Tidleg i 1970-åra vart Question Mark and the Mysterians starta på ny med ei heilt anna besetning med to gitarar og utan orgel. Dei tiltrekte seg merksemda til rockekritikaren Dave Marsh, som kalla dei «punk rock» i ein artikkel frå 1971 i Creem magazine om Question Mark.

Question Mark og den opphavlege besetninga heldt ein konsert i Dallas i 1984. I 1997 kom bandet saman att og har halde fram med å spele i lag utover 2000-åra.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Cameo-Parkway Records

  • 96 Tears / Midnight Hour (1966, C428A/B)
  • I Need Somebody / '8' Teen (1966, C441A/B)
  • Can't Get Enough Of You Baby / Smokes (1967, C467A/B)
  • Beachcomber / Set Aside (1967, C468A/B) - gjeve ut som 'The Semi-Colons'
  • Girl (You Captivate Me) / Got To (1967, C479A/B)
  • Do Something To Me / Love Me Baby (Cherry July) (1967, C496A/B)

Capitol Records

  • Make You Mine / Love You Baby (Like Nobody's Business) (1968)

Tangerine Records

  • Ain't It A Shame / Turn Around Baby (Don't Ever Look Back) (1969)

Super K

  • Sha-la-la (1969)

Chicory Records

  • Talk Is Cheap / She Goes To Church On Sunday (1972)

Luv Records

  • Not 'N Groovin' / Funky Lady (1973)

Are You For Real?

  • Let's Go Crazy / Loose (2007, RYFR?96A/B) - Question Mark solo 7" vinyl single, limited to 550 copies. Sold via the official web site

Magic Records

  • 96 Tears E.P. (2008) - Four track CD E.P. - '96 Tears', 'Midnight Hour', 'I Need Somebody' og '"8" Teen'

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 96 Tears (1966, Cameo Parkway, SC2004)
  • Action (1967, Cameo Parkway, SC2006)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]