Pønkrock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Punkrock)

Punkrock eller pønkrock (ofte berre kalla punk eller pønk) er ein sjanger innan rock som utvikla seg mellom 1974 og 1976 i USA, Storbritannia og Australia. Han har røter i garagerock og andre former som i dag vert kalla protopunk. Punkrockband prøvde å unngå populærrocken på 1970-talet og lagde ein rask, hard musikk med typisk korte songar, få instrument og ofte politiske og antisosiale tekstar. Pønk omsluttar ei «gjer det sjølv»-haldning og mange av gruppene produserte sine eigne innspelingar og distribuerte dei gjennom uformelle kanalar.

Seint i 1976 hadde band som the Ramones i New York og Sex Pistols og The Clash i London vorte anerkjend som fortroppen i ei ny musikalsk rørsle. I løpet av det neste året spreidde pønken seg til resten av verda. Pønk vart raskt, men kortvarig, eit stort kulturelt fenomen i Storbritannia. Stort sett hadde pønk røter i lokale miljø som pleidde å sky unna det som vart rekna som populært (mainstream). Det oppstod ein pønkkultur som uttrykte ungdommeleg opprør og med kjenneteikn som særeigne klede og forskjellige antiautoritære ideologiar.

I starten av 1980-åra hadde meir aggressive former som hardcore og Oi! vorte dominerande former for punkrock. Artistar som starta som, eller var inspirert av, pønkband, utvikla post-punk og alternativ rock. Mot slutten av hundreåret klarte nye poppunkband som Green Day å gjere pønkmusikken populær, fleire tiår etter han først starta.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Filosofi[endre | endre wikiteksten]

Den første bølgja av pønkrockband ønskte å distansere seg frå den svulstige og sentimentale rocken som hadde oppstått i 70-åra.[1] Ut på 70-talet kunne pønkband etter kvart spele inn sin eigen musikk på eiga hand etter kvart som teknikkane hadde vorte tilgjengeleg. Mange ønskte å unngå dei mange effektane som var tilgjengeleg å ta musikken tilbake til eit meir grunnleggande nivå[2] Virtuos musikk vart ofte sett ned på. John Holmstrom, som grunnla det første pønkmagasinet skildrar pønk som «rock and roll av folk som ikkje var så musikalsk dyktige, men som følte dei måtte uttrykkje seg sjølv gjennom musikk».[3] I desember 1976 publiserte det engelske magasinet Sideburns bilete av tre akkordar med biletteksten: «Dette er ein akkord, dette er ein annan, dette er ein tredje. No kan du starte eit band.»[4]

Fleire av dei førande personane i britisk pønkrock gjorde eit nummer av å avvise både dåtida sine populære rockestjerner og sjølv rockestjerner som var forgjengarane deira, som t.d. The Clash i songen «1977» med tekstlinja «No Elvis, Beatles or the Rolling Stones in 1977».[5]

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Pønkrock band har ofte etterlikna den musikalske strukturen og arrangementa i garagerock i 1960-åra.[6] Typiske pønkband nyttar ein eller to elektriske gitarar, ein elektrisk bass og eit trommesett, samt vokal. Pønkrocksongane er ofte kortare enn songar i andre populære songar. På Ramones sitt debutalbum er til dømes halvparten av dei fjorten songane under to minuttar lange. Dei fleste tidlege pønkrocksongar inneheld det tradisjonelle vers-refreng-formatet og 4/4-takt i rock and roll. I den andre bølgja av pønkrock gjekk derimot fleire band bort frå dette formatet.[7]

Pønkrockvokalen høyrest stundom nasal ut,[8] og tekstane vert ofte ropt i staden for sunge på vanleg måte, særleg i hardcore-stilane.[9] Vokalen manglar ofte variasjon, endring i tonehøgde, styrke eller intonering. Johnny Rotten frå Sex Pistol er eit av dei viktige unntaka.[10] Kompliserte gitarsoloar vert sett på som unødvendige, men grunnleggande gitarparti er vanlege.[11] Gitaren består ofte av sterkt forvrengde powerakkordar og barregrep.[12] Enkelte pønkrockband nyttar ein surf rock-stil med lettare, og meir twang-aktig gitartone.[13] Bassgitaren spelar ofte ukompliserte linjer,[14] men enkelte punkrockbassistar som Mike Watt frå The Minutemen nyttar meir tekniske basslinjer. Bassistane nyttar ofte plekter for å få kunne spele same tone raskare, noko som er vanskelegare med å berre bruke fingrane. Trommene er som regel kraftige og tørre, og ofte med eit enkelt oppsett. Samanlikna med andre former for rock vert synkope sjeldan nytta.[15] I hardcore er trommene ekstra raske.[9] Produksjonen er ofte minimalistisk og enkelte spor er stundom spelt inn på vanlege kassettspelarar[16] eller på enkle opptakarar med fire spor. Pønkinnspelingar har derfor ofte ein dårleg lyd.

The Clash spelar i 1980

Pønktekstane er ofte enkelte og konfrontasjonsaktige samanlikna med andre populære musikksjangrar. Ofte har dei tema som samfunn og politikk.[17] Trendesettande songar som «Career Opportunities» av The Clash og «Right to Work» av Chelsea omhandla arbeidsløyse og det harde bylivet.[18] Særleg i tidleg britisk pønk var det eit viktig mål og fornærme og sjokkere allmugen.[19] The Sex Pistols sin klassikarar «Anarchy in the U.K.» og «God Save the Queen» kritiserer ope det britiske politiske systemet og samfunnet. Andre mykje brukte tema er antisentimentale skildringar av kjærleik og sex, som «Love Comes in Spurts» av Richard Hell. Mange pønkrocksongar har òg ofte meir tradisjonelle rock and roll-tema som sjekking, hjartesorg og fritidssysler. Døme på dette er Ramones-songen «I Wanna Be Your Boyfriend»[20].

Visuelle og andre element[endre | endre wikiteksten]

Britiske pønkarar, om lag 1986

Den klassiske pønkrock-stilen hos amerikanske mannlege pønkarar var t-skjorte, motorsykkeljakke og jeans, liknande rockabilly-stilen i 50-åra og britiske rockarar på 60-talet. Richard Hell sin meir androgyne og slaskete stil og som visstnok fann opp tryggleiksnål-stilen, hadde store innverknad på Sex Pistols sin impresario Malcolm McLaren og igjen heile den britiske pønkstilen.[21][22] Tidlege kvinnelege pønkarar hadde stilar som varierte frå bondage-stilen til Siouxsie Sioux til Patti Smith sin meir slaskete stil.[23] Førstnemnde hadde mykje større innverknad på den kvinnelege stilen.[24] Etter kvart vart tatoveringar, piercingar og naglar vanlege element i pønkmoten. Hårstilen til mannlege pønkarar var ofte kort og den karakteristiske hanekamfrisyren kom seinare.[25] Hardcorepønkarar hadde ofte barberte hovud.

Før pønken oppstod[endre | endre wikiteksten]

Garagerock og mod[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå garagerock og mod.

Garagerockbanda på første halvdel av og midten av 60-åra kan reknast som forgjengarar for pønken. The Kingsmen var eit garageband frå Portland i Oregon, USA som hadde eit gjennombrot med si utgåve av songen «Louie, Louie» i 1963. Dei har vorte kalla «urtexten som definerte pønkrocken».[26] Den minimalistiske stilen til mange garageband påverka fleire band i den britiske invasjonen til å nytte ein hardare stil. The Kinks sine hitsinglar i 1964, «You Really Got Me» og «All Day and All of the Night», har vorte skildra som forgjengarar for heile tregreps-sjangeren, The Ramones sin «I Donvt Want You» frå 1978 var til dømes særs Kinks-liknande.[27] I 1965, gjekk The Who raskt vidare frå debutsingelen «I Can’t Explain», som òg var særs Kinks-liknande, til «My Generation». Sjølv om hadde liten innverknad i USA viste The Who sin mod-song ei blanding av den musikalske villskapen og den opprørske haldninga som kjenneteikna mykje av tidleg britisk punkrock.[28]

Protopunk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå protopunk.
Iggy Pop, «punken sin gudfar»

I 1969 debuterte to band frå Michigan med album som vert rekna som sentrale innan protopunk. I januar gav Detroit-bandet MC5 ut Kick Out the Jams. I august gav The Stooges med songar Iggy Pop frå Ann Arbor ut sitt sjølvtittulerte album. Albumet var produsert av John Cale, tidlegare medlem av The Velvet Underground.

Tidleg i 1970-åra oppgraderte New York Dolls den opphavlege villskapen i rock and roll frå 1950-åra på ein måte som seinare vart kjend som glampunk.[29] New York-duoen Suicide spelte ein sparsam, eksperimentell musikk med eit sceneopptrede som var inspirert av The Stooges.[30] I Boston fekk The Modern Lovers merksemd med ein minimalistisk stil. I 1974 starta eit garagerockmiljø rundt den nye klubben Rathskeller i Kenmore Square. Her spelte mellom anna Real Kids, som vart grunnlagd av John Felice, tidlegare i Modern Lover, Willie Alexander and the Boom Boom Band, der Alexander tidlegare hadde vore medlem av Velvet Underground i 1971, og Mickey Clean and the Mezz.[31] I Ohio oppstod eit undergrunnsmiljø med band som Devo, The Electric Eels, Mirrors og Rocket from the Tombs. I 1975 delte Rocket from the Tombs seg i Pere Ubu og Frankenstein. The Electric Eels og Mirrors vart lagt ned, og The Styrenes oppstod frå restane.[32]

I Storbritannia hadde bandet Deviants seint i 1960-åra ein psykedelisk stil med ein satirisk og anarkiaktig vri og ein hang for situasjonisme som kom nesten før ti år før Sex Pistols.[33] I 1970 utvikla bandet seg til Pink Fairies, som heldt fram på liknande vis.[34] Med Ziggy Stardust-personen gjorde David Bowie list og overdriving til sentrale element og dette vart plukka opp av Sex Pistols og enkelte andre punkband.[35] Doctors of Madness bygde på Bowie sin måte å presentere konsept på, medan dei musikalsk flytta seg mot punk. Band i pubrock-miljøet i London strippa musikken ned til meir grunnleggjande, hard og R&B-influert rock and roll. Det mest kjende bandet frå dette miljøet var i 1974 Dr. Feelgood, som bana veg for andre som The Stranglers og Cock Sparrer, som skulle spele ei rolle i punkeksplosjonen. Av pubrockband som oppstod dette år finn ein The 101'ers, som hadde Joe Strummer som frontmann.[36]

Òg i andre land finn ein spor av punk hos fleire band, før punkrørsla oppstod. I Tyskland finn ein NEU!, som vart danna i 1971 og bygde på krautrock-tradisjonen til band som Can.[37] I Japan finn ein Zunō Keisatsu («Hjernepolitiet») som blanda garagerock og folkemusikk. Dei vart stundom sensurert i heimlandet og på konsertane skal det minst ein gong ha førekome masturbasjon på scenen.[38] Ein ny generasjon australske garageband, som hovudsakleg var inspirert av The Stooges og MC5, flytta seg stadig nærare lydbilete som seinare vart kalla punk, mellom anna The Saints[39] og Radio Birdman.

Opphavet til uttrykket punk[endre | endre wikiteksten]

Før midten av 1970-åra tydde punk på engelsk vanlegvis ein ung mannleg småsvindlar, ein gangster, ei bølle eller ein brutal person.[40] I mange politiseriar på TV kunne ein ofte høyre politifolka kalla skurkane «punk»[41] Den første kjende bruken av uttrykket «punk rock» kom i Chicago Tribune 22. mars 1970 av Ed Sanders, som var med å danne det punkliknande bandet The Fugs. Sanders kalla her soloalbumet sitt for «punk rock—redneck sentimentality».[42] I desember 1970 gjorde Lester Bangs i Creem narr av streite rockemusikarar med ein ironisk referanse til Iggy Pop som «that Stooge punk».[43] Alan Vega frå Suicide har fortalt at dette inspirerte han til å kalla konsertane deira «punk mass» («punkmesse») dei neste åra.[44]

Patti Smith spelar i 1976

Dave Marsh var den første musikkritikaren som nytta uttrykket punk rock då han i mai 1971 i ei utgåve av Creem skildra ? and the Mysterians som eit «glimrande døme på punk rock».[45] I juni 1972 hadde magasinet Flash ei liste kalla «Punk Top Ten» av album frå 60-åra.[46] Fleire magasin starta òg å kalle fleire av garagebanda frå 60-talet for «punkband».[47]

I 1975 vart punk nytta til å skildre så forskjellige artistar som Patti Smith Group—med sologitarist Lenny Kaye—Bay City Rollers og Bruce Springsteen.[47] Etter kvart som miljøet på klubben CBGB i New York vart lagt merke til vart det etterlyst eit namn for den nye stilen. Klubbeigar Hilly Kristal kalla rørsla «street rock», medan magasinet Aquarian skal ha nytta punk til å skildre det som føregjekk på CBGB.[48] Magasinet Punk, kom mot slutten av 1975 og var avgjerande for at uttrykket vart etablert.[49]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

New York City[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til punkrockmiljøet kan sporast tilbake til thrash-kulturen seint på 60-talet og undergrunnsmiljø tidleg på 70-talet rundt Mercer Arts Center i Greenwich Village der New York Dolls spelte.[50] Tidleg i 1974 byrja eit nytt miljø å utvikle seg rundt klubben CBGB. I sentrum her stod Television.[51] Dei var påverka av alt frå garagerock-pioneren Roky Erickson til jazzartisten John Coltrane. Bassisten og songaren i bandet, Richard Hell, danna ein stil med kortklypt og ustelt hår, riven t-skjorte og svart skinnjakke, og har fått æra for å ha danna grunnlaget for pønkmoten.[52] I april 1974 kom Patti Smith første gong til CBGB for å sjå bandet spele.[53] Ho utvikla ein kvinneleg variant av rock 'n' roll og spelte i juni inn singelen «Hey Joe»/«Piss Factory», med Television-gitarist Tom Verlaine. Denne gav ho ut på sitt eige Mer Records, noko mange punkband skulle gjere sjølv seinare. Singelen har ofte vorte kalla den første punkrockplata.[54]

I Queens oppstod Ramones på same tid, påverka av alt frå the Stooges til The Beatles og The Beach Boys til Herman's Hermits og jentegrupper frå 1960-åra. Bassisten Dee Dee Ramone ropte alltid «1-2-3-4!» i starten på kvar song fordi gruppa berre så vidt klarte å meistre grunnleggande rytmar.[55] Bandet heldt sin første konsert på CBGB 16. august 1974. Eit anna band, Blondie, debuterte òg på klubben denne månaden.

Våren 1974 spelte Smith og Television i to månadar på CBGB og han fekk mykje merksemd.[56] Television spelte mellom anna Richard Hell sin «Blank Generation», som vart ein temasong for miljøet.[57] Like etter forlet Hell Television og danna det meir strippa bandet The Heartbreakers med Johnny Thunders og Jerry Nolan frå New York Dolls. I august spelte Television, med tidlegare Blondie-bassist Fred Smith for Hell, singelen «Little Johnny Jewel». Dette var eit vendepunkt for heile New York-miljøet med ein langt meir aggressiv stil, som oppstod som følgje av at Hell hadde forlate bandet.[51]

Fasaden på den legendariske klubben CBGB i New York

Andre band som vart faste innslag på CBGB var mellom anna Mink DeVille og Talking Heads. Det første albumet som kom frå dette miljøet var Pattie Smith sitt debutalbum, Horses, i november 1975, produsert av John Cale for Arista.[58] Det første nummeret av magasinet Punk kom ut i desember.[59] Denne vinteren kom Pere Ubu frå Cleveland og spelte på same klubb.[60]

Tidleg i 1976 forlet Hell The Heartbreakers og danna like etter band The Voidoids, som var eit av dei mest kompromisslause banda i dette miljøet[61] April 1976 kom Ramones sitt debutalbumSire Records. Den første singelen var «Blitzkrieg Bop», som opna med ropa «Hey! Ho! Let's go!», men som alle store kulturelle skilje vart han lagt merke til av få og sett på som ein dårleg spøk av resten.[62] Etter tips frå Ramones sin frontmann Joey Ramone flytta medlemmene av Frankenstein frå Cleveland til New York og omforma seg her til Dead Boys. Den første konserten sin på CBGB heldt dei seint i juli.[63] I august gav Hell og det nye bandet hans ut ein EP med den første utgjevne utgåva av «Blank Generation».[64]

Uttrykket punk vart først nytta om miljøet generelt og ikkje så mykje om den musikalske stilen, som dei første pønkbanda i New York tok frå mange forskjellige kjelder. Banda som the Ramones, The Heartbreakers, Richard Hell and The Voidoids og the Dead Boys grunnla ein særeigen musikalsk stil, sjølv der dei var mest forskjellige. Dei delte dei same eigenskapane som minimalisme og fart, men desse eigenskapane vart enno ikkje nytta til å definere punkrock.[65]

Australia[endre | endre wikiteksten]

Samstundes byrja eit liknande miljø å ta form forskjellige stader i Australia. Eit miljø utvikla seg rundt Radio Birdman og klubben the Oxford Tavern (seinare the Oxford Funhouse), i Sydney. I 1976 leigde The Saints lokale hallar i Brisbane som konsertarenaer. Desse banda oppdaga snart at band andre stader i verda utforska liknande musikk. The Saints og the Ramones hadde til dømes utvikla stundom særs like stilar, men var ikkje påverka av kvarandre.[66]

I Perth oppstod punkrockbandet Cheap Nasties, med songar og gitarist Kim Salmon.[67] I september vart The Saints det første punkrockbandet utanfor USA som gav ut ei plate, singelen «(I'm) Stranded». Som Patti Smith gjorde bandet alt sjølv frå innspeling, innapakking til distribusjon.[68] «(I'm) Stranded» hadde berre avgrensa innverknad i heimlandet, men den britiske musikkpressa anerkjende ho som ei banebrytande plate.[69] På bakgrunn av dette vart The Saints signert av EMI Australia. Samstundes kom Radio Birdman ut med sin sjølvfinansierte EP, Burn My Eye, i oktober.[70] Trouser Press sin kritikar Ian McCaleb skildra seinare plata som ein «prototype på musikkeksplosjonen som var i ferd med å oppstå».[71]

Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Etter ein kort periode som uoffisiell manager for New York Dolls reiste engelskmannen Malcolm McLaren tilbake til London i mai 1975 inspirert av det nye miljøet han hadde sett på CBGB. Han opna butikken SEX, ein klesbutikk som spesialiserte seg på skandaløs «anti-mote».[72] Av dei som ofte vitja butikken var eit band kalla The Swankers. I august, søkte bandet etter ein ny vokalist. Ein annan fyr som hang mykje på SEX, Johnny Rotten, møtte på audition og fekk jobben. McLaren vart bandet sin manager og det nye namnet Sex Pistols spelte bandet sin første konsert 5. november 1975St. Martin's School of Art[73] og fekk raskt ei lita, men lidenskapleg gruppe tilhengjarar.[74] I februar 1976 fekk bandet sin første viktige presseomtale då gitaristen Steve Jones erklærte at Sex Pistols dreidde seg like mykje om «kaos» som musikk.[75] Bandet provoserte ofte publikummet sitt til dei nesten gjorde opprør. Rotten sa ein gong til eit publikum «Veddar på de ikkje hatar oss så mykje som me hatar dykk!»[76] McLaren såg på Sex Pistols som sentral brikker i ei ny ungdomsrørsle, «harde og tøffe».[77]

Bernard Rhodes, tidlegare kollega av McLaren og ven av Sex Pistols, prøvde samstundes å gjere London SS til stjerner. Tidleg i 1976 braut bandet opp og restane danna to nye band: The Damned og The Clash, der Joe Strummer vart med.[78] 4. juni 1976 spelte Sex Pistols i Lesser Free Trade Hall i Manchester, ein konsert som skulle verte rekna som ein av dei viktigaste rockekonsertane nokon gong. Av dei om lag 40 personane i publikum var tre lokale personar som hadde organisert konserten. Dei danna like etter the Buzzcocks. Andre i det vesle publikummet skulle danne Joy Division, The Fall, og i 1980-åra The Smiths.[79]

I juli reiste Ramones over Atlanteren for å halde to konsertar i London og dette var med på å sparke i gang det gryande britiske punkmiljøet.[80] 4. juli spelte dei med Flamin' Groovies og The Stranglers føre 2000 menneske på Roundhouse.[81] Same kveld heldt The Clash sin debutkonsert som oppvarmingsband for Sex Pistols i Sheffield. 5. juli var begge band på ein Ramones-konsert.[82] Kvelden etter spelte The Damned sin første konsert som oppvarming for Sex Pistols i London. The Damned fekk eit rykte som «punk's party boys».[83] Det første punkmagasinet i London dukka opp ei veke seinare, kalla Sniffin' Glue etter ein Ramones-song.[84]

I august vart den første europeiske punkrockfestivalen halde i Mont de Marsan sørvest i Frankrike. Eddie and the Hot Rods, eit pubrock-band frå London, stod øvst på plakaten, medan Sex Pistols vart kasta ut får «å gå for langt». The Clash nekta å spele i solidaritet med Pistols og det einaste bandet frå pønkrørsla som spelte var The Damned.[85]

Dei neste månadane oppstod mange nye punkrockband, ofte direkte inspirert av Sex Pistols.[86] Av kvinner i London som stod sentralt i miljøet finn ein Siouxsie & the Banshees og X-Ray Spex og jentebanda The Slits. The Adverts hadde ein kvinneleg bassist. Andre grupper var Subway Sect, Eater, The Subversives, London og Chelsea, som raskt vart til Generation X. Andre stader i Storbritannia dukka band som Sham 69 og Penetration opp. 20.-21. september vart 100 Club Punk Festival halde i London med dei fire store britiske punkrockgruppene, samt Stinky Toys frå Paris, det første punkrockbandet frå eit ikkje-engelskspråkleg land. Siouxsie & the Banshees og Subway Sect debuterte på festivalen.[87]

Enkelte nye band som Alternative TV frå London og Rezillos frå Edinburgh vart rekna som ein del av miljøet, sjølv om dei spelte ein meir eksperimentell form for musikk. Andre som spelte meir tradisjonell rock 'n' roll, som pubrockbandet The Vibrators, tok til seg ein meir pønkete stil og utsjånad.[88] Eit par eldre band som The Jam og pubrockbanda The Stranglers og Cock Sparrer vart òg assosiert med punkrockmiljøet.

I oktober vart The Damned det første britiske punkrockbandet som gav ut ein singel, «New Rose».[89] The Sex Pistols følgde månaden etterpå med «Anarchy in the U.K.», som oppnådde bandet sitt opphavleg mål og vart ein «nasjonal skandale».[90] 1. desember fann ein av dei mest kjende hendingane som skulle sementere punken sitt dårlege rykte stad i Storbritannia. På Thames Today, eit tidleg kveldprogram på TV hamna gitarist i Sex Pistols Steve Jones i ein krangel med verten, Bill Grundy, og kalla han ein «dirty fucker» på direktesending, og skapte eit mediaopprør.[91] To dagar seinare la Sex Pistols, The Clash, The Damned og The Heartbreakers ut på the Anarchy Tour, ei rekkje konsertar i Storbritannia. Mange av konsertane var kansellert av arrangørane som følgje av media sitt sinne etter krangelen med Grundy.[92]

Den andre bølgja[endre | endre wikiteksten]

I 1977 oppstod ei ny bølgje då pønkrockrørslene rundt om i verda braut opp i mindre delar. Band frå dei same miljøa høyrdest ofte særs forskjellige ut.[93] Medan punkrocken stort sett vart verande eit undergrunnsfenomen i Nord-Amerika og Australia, vart han ein kort periode ein stor sensasjon i Storbritannia.[94]

Nord-Amerika[endre | endre wikiteksten]

I California var punkrockmiljøet i full sving tidleg i 1977. I Los Angeles oppstod The Zeros, The Germs, The Weirdos, X, The Dickies, The Bags og The Screamers.[95] Den andre bølgja i San Francisco inkluderte The Avengers, Negative Trend, The Mutants og The Sleepers.[96] The Wipers oppstod i Portland, Oregon og i Seattle oppstod The Lewd.[97] Fleire band oppstod òg i Canada, som Furies og jentebandet Dee Dee and the Dishrags.[97] The Skulls utvikla seg til D.O.A. og The Subhumans. The K-Tels (seinare kjend som Young Canadians) og Pointed Sticks var av dei førande i det kanadiske pønkmiljøet.[98] Desse kanadiske banda høyrte til på vestkysten, medan Ontario hadde band som The Diodes, The Viletones, The Demics, Forgotten Rebels, Teenage Head, The Poles og The Ugly. I Toronto fanst The Curse og B Girls, som var dei første kvinnelege punkbanda i Nord-Amerika.[99]

I New York gav the Ramones ut Leave Home, det andre albumet sitt, medan Richard Hell and the Voivods gav ut det første albumet sitt i september 1977, Blank Generation.[100] The Heartbreakers sitt debutalbum, L.A.M.F. og the Dead Boys sitt Young, Loud og Snotty kom i oktober. Ramones gav ut sitt tredje album, Rocket to Russia, alt i november. The Cramps debuterte på CBGB i november 1976.[101] The Misfits oppstod i New Jersey og i 1978 hadde dei utvikla ein stil kalla horror-punk.

I Chicago starta miljøet med ei gruppe DJar som spelte i ein homsebar, La Mere Vipere, som dei omgjorde til den første pønk-danseklubben i Amerika.[102]

Australia[endre | endre wikiteksten]

I februar 1977 gav EMI ut The Saints sitt debutalbum, (I'm) Stranded, som bandet spelte inn på to dagar.[103] The Saints hadde flytta til Sydney og i april dette året gjorde dei og Radio Birdman ein stor konsert i lag.[104] Last Words hadde òg oppstått i byen. Månaden etter flytta The Saints til Storbritannia. I juni gav Radio Birdman ut albumet Radios Appear.[70]

Fleire band oppstod rundt om i Australia og i Melbourne mellom anna det kunstrock-influerte bandet Boys Next Door med Nick Cave som vokalist. Han skulle seinare verte ein av dei mest anerkjende post-punk-artistane.

Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Sex Pistols sin TV-opptreden med Bill Grundy var eit signal om at pønkmiljøet i Storbritannia var i ferd med å verte eit stort mediafenomen, sjølv om det var enkelte platebutikkar som nekta å selje musikken og han sjeldan vart høyrt på radio.[105] I februar 1977 dukka det første britiske pønkalbumet opp: Damned Damned Damned nådde 36. plass på den britiske albumlista. The Clash sitt sjølvtitulerte debutalbum kom ut to månader seinare og nådde 12. plass. Singelen «White Riot» gjekk inn på Topp 40. I mai nådde Sex Pistols nye høgder når det gjaldt kontrovers med singelen «God Save the Queen», som gjekk heilt til andreplass. Bandet hadde nettopp fått ein ny bassist, Sid Vicious, som vart sett på som ei personifisering av pønkrørsla.[106]

Fleire nye pønkrockband oppstod i Storbritannia, men dei fleste var berre kortvarige. Fleire av desse banda viste same energi og aggressivitet som dei tidlegare pønkrockbanda, men somme utvida den musikalske horisonten med meir varierande tempo og ofte meir avansert instrumentering. I London tok Wire minimalisme og kortheit til det ekstreme. Band som Tubeway Army frå London, Stiff Little Fingers frå Belfast og The Skids frå Dunfermline blanda pønkrock med synthpop og støy.[107]

The Clash sitt debutalbum inneheldt ei utgåve av ein nyleg jamaicansk reggae-hit kalla «Police and Thieves».[108] Band som The Ruts og The Police blanda pønkrockstilen med reggae og ska, og etter kvart oppstod ein heilt eigen ska-kultur i pønkrocken kalla 2 Tone, med sentrale band som The Specials, The Beat, Madness og The Selecter.[109]

I juni 1977 kom to pønkplater til som gjekk inn på listene, The Vibrators sitt Pure Mania og Sex Pistols sin tredje singel, «Pretty Vacant», som nådde sjetteplass. I juli hadde The Saints ein hit med «This Perfect Day». I august gjekk The Adverts inn på listene med singelen «Gary Gilmore's Eyes». Månaden etter hadde Sex Pistols igjen ein hit med «Holidays in the Sun» som nådde 8. plass, medan Generation X hadde «Your Generation» og The Clash hadde «Complete Control» inne på listene.[110] I oktober gav Sex Pistols ut sitt første og einaste offisielle album, Never Mind the Bollocks, Here's the Sex Pistols. Albumet gjekk til topps på albumlista. I januar 1978 braut Sex Pistols opp medan dei var på ein amerikansk turné.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Sex Pistols sin konsert på Pingvin Club i Oslo sommaren 1977 markerer startskotet for eit norsk punkmiljø. Dei første norske punkbanda platedebuterte i løpet av 1979. Kva som var den første norske pønkplata er omstridd, men av kandidatane finn ein band som Pink Dirt, Graxelaget, Front Page og Børres Kork. Trygve Mathiesen konkluderer i boka Tre grep og sannheten med at det var Børres Kork som var først ute.[b 1] I 1982 blir Blitz-huset i Oslo etablert og det miljøet fører punken vidare gjennom 80-talet. I Noreg har punk i nyare tid stått sterkast i nettopp miljøet rundt Blitz i Oslo og UFFA-huset i Trondheim. Men òg byar som Bergen, Stavanger, Bodø og Tromsø har hatt og har aktive miljø.

Første gong punk vart framført live for eit større publikum i Noreg var på Trøndersk Mesterskap januar 1978, Bandet var RABIES med låten «Kjøp en kniv (dræp din næste med et smil)». Bandet sjokkerte den etablerte trønderske musikkverda og fekk like stor omtale som finalistane.

Resten av verda[endre | endre wikiteksten]

Samstundes oppstod pønkrockmiljø over heile verda. I Frankrike hadde det eksistert ein subkultur i eit par år allereie med band som Stinky Toys og Métal Urbain, som mellom anna spelte the Stooges sin song «No Fun».[111] Métal Urbain sin debutsingel, «Panik» kom i mai 1977, og var kanskje den første ikkje-engelske pønkrockplata.[112]. Med ein nesten motorisk takt, barske gitarriff, skrikande vokal og synthesizer var han òg eit av dei første døma på det som skulle verte post-punk.[113]

I Vest-Tyskland oppstod Neue Deutsche Welle (NDW), ei pønkrørsle inspirert av den britiske. Her var band som Ätzttussis, Nina Hagen Band og S.Y.P.H..[114] Før rørsla tok steget opp frå undergrunnen i 1980-åra trekte NDW til seg fleire politisk medvitne tilhengjarar, både frå venstreorienterte miljø og nynazistar. Begge desse motståande miljøa vart tiltrekt av pønkrocken sitt «mot systemet»-haldning og det musikalske.[114] Briard starta den finske pønken med eit brak i 1977 med singelen «I Really Hate Ya»/«I Want Ya Back».[115]. Andre tdlege finske pønkband var Eppu Normaali og songar Pelle Miljoona. I Jugoslavia oppstod pønkrockband som Paraf, Pankrti og Pekinška patka. I Japan danna det seg eit pønkmiljø rundt band som danna ein kunst- og støystil, som Friction og «psych punk»-band som Gaseneta og Kadotani Michio.[116]

Andre former for pønk[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1978 dukka hardcore punk-rørsla opp i Californa, og det oppstod ei rivalisering mellom den nye og den eldre pønkrørsla. Hardcore appellerte til eit yngre, meir forstadspublikum og vart enkelte sett på som anti-intellektuell, meir valdeleg og musikalsk avgrensa.[117]

Etter kvart som hardcore vart den dominerande punkrockstilen, braut mange eldre punkrockband i California opp, sjølv om X heldt fram og fekk kommersiell suksess og The Go-Go's, som først var ein del av harcore-miljøet då dei starta i 1978, utvikla ein meir popaktig stil og vart store stjerner.[118] Over heile Nord-Amerika forsvann mange av dei tidlege punkrockbanda, medan yngre musikarar tok over med nye variantar av punk. Nokre tidlegare punkrockband utvikla seg som hardcore-band, medan eit par, som the Ramones, Richard Hell and The Voidoids og Johnny Thunders and The Heartbreakers, heldt fram i same stil som dei hadde vore med på å utvikle. Eit band som kryssa linjene mellom «klassisk» punk, post-punk og hardcore var Flipper frå San Francisco, som vart grunnlagd i 1979 av tidlegare medlemmer frå Negative Trend og The Sleepers.[119]

I Storbritannia var derimot mange av dei opphavlege punkrockbanda framleis aktive, men utvikla ofte stilen sin vidare. Samstundes oppstod Oi!- og anarcho-punk-rørsler. Musikalsk var dei like aggressive som amerikansk hardcore, men hadde andre målgrupper. I februar 1979 døydde tidlegare Sex Pistols-bassist Sid Vicious av ein heroinoverdose i New York. Om brotet til Sex Pistols tidlegare på året hadde markert slutten på den opphavlege britiske punkrockrørsla, så uttrykte dødsfallet til Viciuos at rørsla hadde vore dømd sidan starten.[120]

Mot slutten av tiåret hadde punkrockrørsla delt seg i fleire kulturelle og musikalske retningar. På den eine sida fekk ein New Wave og post-punk-artistar. Somme av desse vart meir tilgjengelege og fekk stor popularitet, medan andre vart verande meir eksperimentelle og mindre kommersielle. På den andre sida fekk ein hardcore punk, Oi! og anarcho-punk som vart nært knytt til undergrunnskulturane og utvikla fleire undersjangrar.[121] Ein stad midt i mellom låg poppunk-gruppene. Ein rekkje andre stilar oppstod, mange av dei blandingar av stilar som alt eksisterte. Eit døme på dette er The Clash-album London Calling som kom i desember 1979. Her vart det kombinert punkrock med reggae, ska, R&B og rockabilly, og har seinare vorte rekna som eit av dei beste rockealbuma nokonsinne.[122]

New Wave[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå New Wave.

New Wave var eit uttrykk som oppstod i 1976 i London som eit samleomgrep for dei nye gruppene og rørslene som òg vart kalla «punk». I starten tydde dei to uttrykka det same.[123] Etter kvart fekk derimot «New Wave» ei eiga meining. Band som Blondie og Talking Heads frå CBGB-miljøet, The Cars frå Boston, The Go-Go's i Los Angeles og The Police i London utvida dei musikalske retningane og nytta mellom anna dansbare rytmane og meir polert produksjon, og denne stilen fekk namnet «New Wave» og ikkje lenger «punk».

Med element frå punkrock, både musikk og mote, og ein mindre «farleg» stil vart New Wave-artistar populære på begge sider av Atlanteren.[124] New Wave vart eit samleomgrep som omfatta forskjellige stilar om 2 Tone-ska, mod revival med The Jam, den sofistikerte poprocken til Elvis Costello og XTC, New Romantic-fenomenet med band som Ultravox, synthpop-grupper som Human League og Depeche Mode og dei mange stilane til Devo, som spelte punk før punkrørsla ein gong var kome skikkeleg i gang.[125] New Wave vart ein popkulturell sensasjon med den nye fjernsynskanalen MTV i 1981, som spelte mange New Wave-videoar. Musikken vart derimot på denne tida ofte avfeidd som tåpeleg og kortvarig.[126]

Post-punk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Post-punk.

I 1976-1977, midt i den opphavlege britiske pønkrørsla, oppstod bandet Joy Division, The Fall og Magazine i Manchester, Gang of Four i Leeds og The Raincoats i London, som skulle verte sentrale post-punk-band. Somme band klassifiserte som post-punk, som Throbbing Gristle og Cabaret Voltaire, hadde vore aktive sjølv før pønkrørsla starta.[127], maden andre som The Slits og Siouxsie & The Banshees, gjekk frå punkrock til post-punk. Eit par månader etter Sex Pistols braut opp var John Lydon (ikkje lenger «Rotten») med på å danne Public Image Ltd. Lora Logic, tidlegare frå X-Ray Spex, grunnla Essential Logic. Killing Joke oppstod i 1979.

Desse banda eksperimenterte ofte musikalsk og hadde ein stil som var mindre popaktig, mørkare og «vanskeleg» enn New Wave, stundom på grensa til atonal, som Subway Sect og Wire. Post-punk var inspirert av mange former for kunstrock, som Captain Beefheart til David Bowie og Roxy Music til Krautrock og the Velvet Underground.[128]

Post-punk førte saman nye miljø av musikarar, journalistar, managerar og entreprenørar og var medverkande til indierock-miljøet som blømde på midten av 1980-talet.[129] Fleire band som starta som post-punk-band utvikla ein glattare stil i retning New Wave og vart til slutt populære. Dette var band som New Order (vidareført frå Joy Division), The Cure og U2. Bauhaus var eit av dei første banda innan gotisk rock. Andre, som Gang of Four, The Raincoats og Throbbing Gristle, som berre hadde få tilhengjarar på denne tida, er i ettertid anerkjend som viktige for musikkstilen.[130]

Fleire amerikanske artistar har i ettertid vorte rekna som medverkande til post-punk, som Television si debutplate Marquee Moon frå 1977.[131] No Wave-rørsla som oppstod i New York seint på 1970-talet med artistar som Lydia Lunch vert ofte rekna som ein amerikansk parallell til post-punk.[132] Dei seinare utgjevingane til protopunk-pionerane Pere Ubu vert ofte skildra som post-punk.[133] Eit av dei viktigaste amerikanske post-punk-banda var Mission of Burma frå Boston.[134] I 1980, flytta Boys Next Door frå Australia til London og skifta namn til The Birthday Party, som skulle utvikle seg til Nick Cave and the Bad Seeds. King Snake Roost og andre australske band utforska post-punk vidare. Seinare kunstpunk og alternativ rock-artistar fann mykje inspirasjon hos både New Wave- og post-punk-artistane.

Hardcore[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Hardcore punk.

Ein særeigen punkstil er den superraske, aggressive stilen i hardcore punk med skrikande vokal og ofte politiske tekstar. Rørsla starta i 1978 rundt om i USA, og det først større miljøet innan denne sjangeren oppstod i Sør-California[135]. Rørsla spreidde seg raskt til resten av Nord-Amerika og internasjonalt.[136][137][138]

Av dei første hardcore-banda som gjorde innspelingar i denne stilen var Black Flag og Middle Class.[137][138] Bad Brains, som var eit svart band, noko som er sjeldan i punk, starta hardcore-miljøet i Washington, D.C..[136] Andre band var Big Boys, Dead Kennedys og D.O.A.. I 1981 hadde hardcore vorte den dominerande punk-stilen i Nord-Amerika.[139] I 1983 eksperimenterte Hüsker Dü og Naked Raygun med hardcore-stilen til meir melodiske retningar.[140]

Tidleg i 1980-åra danna band frå sørvestlege delar av USA, som JFA, Agent Orange og The Faction ein rytmisk særeigen stil innan hardcore kalla skate-punk. Skate-punk-innovatørar gjekk òg i andre retningar. Big Boys var til dømes medverkande med å starte funkcore, medan Suicidal Tendencies blanda hardcore med thrash metal. Mot slutten av tiåret førte dette til sjangeren metalcore og den særs raske thrashcore.

Oi![endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Oi!.

Etter den første bølgja av britiske punkband prøvde band som Cock Sparrer, Sham 69, Cockney Rejects, Angelic Upstarts, The Exploited og The 4-Skins å få appell hos arbeidarklassen og folk på gatenivå.[141] Stilen deira vart opphavleg kalla real punk eller streetpunk. Journalisten Garry Bushell frå Sounds har fått æra for å gjeve namn til sjangeren Oi! i 1980. Namnet kjem delvis frå Cockney Rejects sine vane for å rope «Oi! Oi! Oi!» før kvar song, i staden for den vanlege «1,2,3,4!»[142] Tekstane til Oi!-banda omhandla ofte den harde verkelegheita i Margaret Thatcher sitt Storbritannia seint på 1970-talet og tidleg på 1980-talet.[143] Ei gruppe Oi!-banda vart kalla «punk pathetique», som Splodgenessabounds, Peter and the Test Tube Babies og Toy Dolls, som hadde ein meir humoristisk og absurd vri.

Oi!-rørsla starta som følgje av at mange meinte punkrocken skulle vere for folket på gata og i trygdekøen, medan dette ikkje stemde for dei fleste punkrockbanda. Stadane som Oi!-banda kom frå var ofte hardare og meir aggressive.[144]

Sjølv om dei fleste Oi!-banda ikkje var politiske eller venstrevridde, byrja å mange av dei å tiltrekke seg naziskinheads.[145] Rasistiske skinheads avbraut stundom Oi!-konsertar med å rope fascistiske tilrop og starte slosskampar, men enkelte Oi!-band var motvillige til å kritisere tilhengjarane sine.[146] Rørsla har derfor ofte vorte knytt til høgreekstremistar.[147] Strength Thru Oi! var eit samlealbum som kom ut i mai 1989 og skapte kontrovers på grunn av plateomslaget som viste ein nynazist dømd for rasistisk vald.[145] 3. juli 1981 vart ein konsert på Hamborough Tavern i Southall med Business, The 4-Skins og The Last Resort vart brannbomba av lokale asiatiske ungdomar som trudde hendingar var ei samling av nynazistar.[148] Etter denne hendinga vart Oi! ofte knytt til høgreekstreme miljø i pressa og rørsla forsvann gradvis.[143]

Anarcho-punk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Anarcho-punk.
Crass var opphavet til stilen anarcho-punk.[149] Deira heilsvarte militæraktige klede vart eit kjenneteikn for sjangeren.

Anarcho-punk utvikla seg side om side med Oi! og den amerikanske hardcore-rørsla. Med ein primitiv, enkel musikkkstil med skrikande vokal prøvde britiske band som Crass, Subhumans, Flux of Pink Indians, Conflict, Poison Girls og The Apostles å omforme punkrockmiljøet til ei total anarkistisk rørsle. Anarcho-punk er basert på fleire grunnprinsipp som kunne f.eks. vere forbod mot å gå med lêr og berre ete vegetarmat.[149]

Rørsla førte md seg fleire undersjangrar med liknande politisk vri. Discharge, som vart grunnlagd i 1977, oppretta D-beat tidleg i 1980-åra. Andre grupper i rørsla som Amebix og Antisect, utvkla den ekstreme stilen kalla crust punk. Fleire av desse banda, som The Varukers, Discharge og Amebix, samt tidlegare Oi!-grupper som The Exploited og Charged GBH, vart leiande artstar i hardcorerørsla UK 82. Anarcho-punk-miljøet gav òg band som Napalm Death, Carcass og Extreme Noise Terror som midt på 1980-talet starta grindcore-stilen, med ekstreme temp og gitarstil frå death metal.[150] Ført an av Dead Kennedys utvikla det seg eit amerikansk anarcho-punk-miljø rundt band som MDC og Another Destructive System.[151]

Pop-pønk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Pop-pønk.

Med ein forkjærleik for Beach Boys og tyggegummipop frå 60-åra bana the Ramones veg for det som vart kjend som poppunk.[152] Seint i 1970-åra kombinerte britiske band som Buzzcocks og The Undertones popaktige melodiar og tekstar med farten og den kaotiske brodden frå punk.[153] Tidleg i 1980-åra la nokre av dei førande gruppene i hardcore-miljøet i California vekt på melodi enn det som var vanleg for sjangeren, til dømes band som Bad Religion og Descendents.[154] Epitaph Records vart grunnlagd av Brett Gurewitz frå Bad Religion og var base for mange framtidige poppunk-band, som NOFX. Andre band som dukka opp med ei blanding av punk og pop var mellom anna The Queers og Screeching Weasel, som seinare påverka band som Green Day og The Offspring.

Andre blandingar og retningar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1977 og framover vart punk blanda med mange andre musikksjangrar og stilar som deathrock; Chicano punk og punk blues oppstod. The Meteors og The Cramps var førande innan sjangeren psychobilly.[155] Violent Femmes starta det amerikanske folkpunk-miljøet, medan The Pogues gjorde de same i Storbritannia, og påverka keltisk punk-band. I USA oppstod forskjellige variantar av cowpunk med band som Jason & the Scorchers og Meat Puppets.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Robb (2006), forord av Michael Bracewell.
  2. Rodel (2004), s. 237; Bennett (2001), s. 49–50.
  3. McLaren, Malcolm, "Punk Celebrates 30 Years of Subversion", BBC News, 18. august 2006. Vitja 19. september.
  4. Savage (1992), s. 280–281.
  5. Harris (2004), s. 202.
  6. Murphy, Peter, "Shine On, The Lights Of The Bowery: The Blank Generation Revisited", Hot Press, 12. juli 2002; Hoskyns, Barney, "Richard Hell: King Punk Remembers the [ ] Generation", Rock's Backpages, Mars 2002.
  7. Blush, Steven, "Move Over My Chemical Romance: The Dynamic Beginnings of US Punk", Uncut, Januar 2007.
  8. Wells (2004), s. 41; Reed (2005), s. 47.
  9. 9,0 9,1 Shuker (2002), s. 159.
  10. Laing (1985), s. 58; Reynolds (2005), s. ix.
  11. Chong, Kevin, "The Thrill Is Gone", Canadian Broadcasting Corporation, August 2006. Vitja 18. september 2008.
  12. Quoted in Laing (1985), s. 62.
  13. Palmer (1992), s. 37.
  14. Laing (1985), s. 62.
  15. Laing (1985), s. 61–63.
  16. Laing (1985), s. 118–119.
  17. Sabin (1999), s. 4, 226; Dalton, Stephen, "Revolution Rock", Vox, Juni 1993.
  18. Laing (1985), s. 31.
  19. Laing (1985), s. 81, 125.
  20. Segal, David (16. april 2001). «Punk's Pioneer». Washington Post. Henta 18. september 2008. 
  21. Grant, Steven, Fleischmann, Mark; Sprague, David; Robbins, Ira. «Richard Hell & the Voidoids». Trouser Press. Henta 23. oktober 2007. 
  22. Colegrave and Sullivan (2005), s. 78.
  23. Strohm (2004), s. 188.
  24. Laing (1985), "Picture Section", s. 18.
  25. Wojcik (1995), s. 16–19; Laing (1985), s. 109.
  26. Sabin (1999), s. 157.
  27. Harrington (2002), s. 165.
  28. Reed (2005), s. 49.
  29. Harrington (2002), s. 538.
  30. Bessman (1993), s. 9–10.
  31. Andersen og Jenkins (2001), s. 12.
  32. Klimek, Jamie, "Mirrors", Jilmar Music; Jäger, Rolf, "Styrenes—A Brief History" Arkivert 2008-05-25 ved Wayback Machine., Rent a Dog. Vitja 18. september 2008.
  33. Toshikazu Ohtaka; Yukiko Akagawa. «Interview with Mick Farren». Strange Days (Japan). Henta 18. september 2008. 
  34. Unterberger (1998), s. 86–91.
  35. Laing (1985), s. 24–26.
  36. Robb (2006), s. 51.
  37. Wilson Neate. «NEU!». Trouser Press. Henta 18. september 2008. 
  38. Anderson (2002), s. 588.
  39. Unterberger (2000), s. 18.
  40. Leblanc (1999), s. 35.
  41. Leblanc (1999), s. 35.
  42. Shapiro (2006), s. 492.
  43. Bangs, Lester, "Of Pop and Pies and Fun" Arkivert 2007-12-17 ved Wayback Machine., Creem, Desember 1970. Vitja 18. september 2008.
  44. Nobahkt (2004), s. 38.
  45. Shapiro (2006), s. 492. Vitja 18. september 2008.
  46. Taylor (2003), s. 16.
  47. 47,0 47,1 Savage (1991), s. 131.
  48. Savage (1991), s. 130–131.
  49. Taylor (2003), s. 16–17.
  50. Savage (1991), s. 86–90, 59–60.
  51. 51,0 51,1 Walker (1991), s. 662.
  52. Savage (1992), s. 89.
  53. Bockris og Bayley (1999), s. 102.
  54. «Patti Smith—Biography». Arista Records. Henta 18. september 2008. ; Savage (1991), s. 91; Pareles og Romanowski (1983), s. 511; Bockris og Bayley (1999), s. 106.
  55. Savage (1991), s. 90–91.
  56. Bockris og Bayley (1999), s. 119.
  57. Savage (1992) s. 90
  58. Walsh (2006), s. 27.
  59. Savage (1991), s. 132.
  60. Savage (1992), s. 137.
  61. Pareles og Romanowski (1983), s. 249.
  62. Isler, Scott; Robbins, Ira. «Ramones». Trouser Press. Henta 18. september 2008. 
  63. Adams (2002), s. 369; McNeil and McCain (2006), s. 233–234.
  64. «Richard Hell—Another World/Blank Generation/You Gotta Lose». Discogs. Henta 19. september 2008. ; Buckley (2003), s. 485.
  65. Walsh (2006), s. 8.
  66. Australian Broadcasting Corporation (2. oktober 2003). «"Misfits og Malcontents"». abc.net.au. Henta 19. september 2008. 
  67. McFarlane (1999), s. 548.
  68. Beaumont, Lucy (17. august 2007). «Great Australian Albums». The Age. Henta 19. september 2008.  Gook, Ben (16. august 2007). «"Great Australian Albums The Saints – (I'm) Stranded». Mess+Noise. Henta 19. september 2008. 
  69. Stafford (2006), s. 57–76.
  70. 70,0 70,1 McFarlane (1999), s. 507.
  71. McCaleb (1991), s. 529.
  72. "The Sex Pistols" Arkivert 2009-04-16 ved Wayback Machine., Rolling Stone Encyclopedia of Rock 'n' Roll (2001). Vitja 19. september; Robb (2006), s. 83–87; Savage (1992), s. 99–103.
  73. Colegrave og Sullivan (2005), s. 19.
  74. "The Bromley Contingent", punk77.co.uk. Vitja 19. september 2008.
  75. Savage (1992), s. 151–152.
  76. Friedlander og Miller (2006), s. 252.
  77. Savage (1992), s. 163.
  78. Savage (1992), s. 124, 171, 172.
  79. «"Sex Pistols Gig: The Truth"». BBC. 27. juni 2006. Henta 19. september 2008. 
  80. Taylor (2003), s. 56; McNeil og McCain (2006), s. 230–233.
  81. Robb (2006), s. 198.
  82. Taylor (2003), s. 56.
  83. Taylor (2004), s. 80.
  84. Laing (1985), s. 13; "This Week in 1976" Arkivert 2008-04-06 ved Wayback Machine., towerblock.co.uk. Vitja 19. september 2008.
  85. Savage (1992), s. 216.
  86. Marcus (1989), s. 37, 67.
  87. «"Eater"». Detour Records. Henta 19. september 2008. 
  88. Savage (1992), s. 221, 247.
  89. Griffin, Jeff, "The Damned", BBC.co.uk. Vitja 19. september 2008.
  90. «Anarchy in the U.K.». Rolling Stone. 9. desember 2004. Henta 19. september 2008. 
  91. Lydon (1995), s. 127; Savage (1992), s. 257–260; Barkham, Patrick, "Ex-Sex Pistol Wants No Future for Swearing", The Guardian (UK), 1. mars 2005. Vitja 19. september 2008.
  92. Savage (1992), s. 267–275; Lydon (1995), s. 139–140.
  93. Reynolds (2005), s. 211.
  94. "Punk Rock", Allmusic. Vitja 19. september 2008
  95. Spitz og Mullen (2001).
  96. Stark (2006).
  97. 97,0 97,1 Keithley (2004), s. 31–32.
  98. Keithley (2004), s. 24, 35, 29–43, 45 et seq.
  99. Worth, Liz. "A Canadian Punk Revival". Exclaim, Juni 2007. Vitja 19. september 2008; Keithley (2004), s. 40–41, 87, 89.
  100. Smith, Sid. "Richard Hell and The Voidoids: Blank Generation", BBC, Vitja 19. september 2008.
  101. Porter (2007), s. 48–49; Nobahkt (2004), s. 77–78.
  102. Raymer, Miles, "Chicago Punk, Vol. 1" Arkivert 2007-12-27 ved Wayback Machine., Chicago Reader; Austen, Jake, "Savage Operation" Arkivert 2008-02-06 ved Wayback Machine., Time Out Chicago, 22. november 2008. Vitja 19. september 2008.
  103. McFaarlane, s. 547.
  104. Cameron, Keith. "Come the Revolution". Guardian, 20. juli 2007. Vitja 19. september 2008.
  105. Savage (1992), s. 260, 263–267, 277–279; Laing (1985), s. 35, 37, 38.
  106. Colegrave og Sullivan (2005), s. 225.
  107. Reynolds (2005), s. xvii, xviii, xxiii
  108. Shuker (2002), s. 228; Wells (2004), s. 113; Myers (2006), s. 205; «"Reggae 1977: When The Two 7's Clash"». Punk77.co.uk. Henta 19. september 2008. 
  109. Hebdige (1987), s. 107.
  110. Savage, s. 556, 565–570.
  111. Coca Cola, Andy. "Complete 20th-Century Gigs Phase One". MetalUrbain.com, 12. april 2004. Vitja 19. september 2008.
  112. "Vinyl Discography". MetalUrbain.com
  113. Crumsho, Michael. "Dusted Reviews: Metal Urbain—Anarchy in Paris!". Dusted Magazine, 5. februar 2004. Vitja 19. september 2008.
  114. 114,0 114,1 Burns (1995), s. 313.
  115. Briard: "I Really Hate Ya"/"I Want Ya Back" 7" (1977) Punk Rock from Finland/This Is Punk Rock.
  116. Palmer, Robert. "The Pop Life". The New York Times, 23. september 1987; "Psychedelia in Japan" Arkivert 2007-12-05 ved Wayback Machine.. Noise: NZ/Japan. Vitja 19. september 2008.
  117. Blush (2001), s. 18; Reynolds (2006), s. 211; Spitz og Mullen (2001), s. 217–232; Stark (2006), "Dissolution" (s. 91–93)
  118. Spitz og Mullen (2001), s. 274–279.
  119. Reynolds (2005), s. 208–211.
  120. Savage (1992), s530.
  121. Reynolds (2005), s. xvii.
  122. Spencer, Neil og James Brown, "Why the Clash Are Still Rock Titans", The Observer (UK), 29. oktober 2006. Vitja 19. september 2008.
  123. Gendron (2002), s. 269–274.
  124. Wojcik (1995), s 22.
  125. Reynolds (2005), s. 79.
  126. "New Wave" Arkivert 2010-11-13 ved Wayback Machine., Allmusic. Vitja 19. september 2008.
  127. Reynolds (2005), s. xxi.
  128. Reynolds (2005), s. 4.
  129. Reynolds (2005), s. xxvii, xxix.
  130. Reynolds (2005), s. xxix.
  131. Television omtalt av Mike McGuirk, Rhapsody; Marquee Moon meld av Stephen Thomas Erlewine, Allmusic; Television: Marquee Moon (remastered edition) meld av Hunter Felt, PopMatters. Alle vitja 19. september 2008.
  132. Buckley (2003), s. 13.
  133. Reynolds (1999), s. 336; Savage (2002), s. 487.
  134. Harrington (2002), s. 388.
  135. Sabin (1999), s. 4.
  136. 136,0 136,1 Andersen og Jenkins (2001).
  137. 137,0 137,1 Blush (2001), s. 17; Coker, Matt, "Suddenly In Vogue: The Middle Class May Have Been the Most Influential Band You’ve Never Heard Of" Arkivert 2007-11-02 ved Wayback Machine., OC Weekly, 5. desember 2002. Vitja 19. september 2008.
  138. 138,0 138,1 Van Dorston, A.S., "A History of Punk", fastnbulbous.com, Januar 1990. Vitja 19. september 2008.
  139. Blush (2001), s. 12–21.
  140. Leblanc (1999), s. 59.
  141. Sabin (1999), s. 216 n. 17; Dalton, Stephen, "Revolution Rock", Vox, juni 1993.
  142. Robb (2006), s. 469.
  143. 143,0 143,1 Robb (2006), s. 511.
  144. Robb (2006), s. 470.
  145. 145,0 145,1 Bushell, Gary. "Oi!—The Truth Arkivert 2008-07-31 ved Wayback Machine.". Uncensored Garry Bushell. Vitja 19. september 2008.
  146. Fleischer, Tzvi. "Sounds of Hate" Arkivert 2005-12-14 ved Wayback Machine.. Australia/Israel & Jewish Affairs Council (AIJAC), August 2000. Vitja 19. september 2008
  147. Robb (2006), s. 469, 512.
  148. Gimarc (1997), s. 175; Laing (1985), s. 112.
  149. 149,0 149,1 Wells (2004), s. 35.
  150. Purcell (2003), s. 56–57.
  151. News Items Arkivert 2007-12-18 ved Wayback Machine.. SOS Records, 12. mars 2007; Links Anima Mundi. Vitja 19. september 2008.
  152. Besssman (1993), s. 16; Marcus (1979), s. 114; Simpson (2003), s. 72; McNeil (1997), s. 206.
  153. Cooper, Ryan. "The Buzzcocks, Founders of Pop Punk". About.com. Vitja 19. september 2008.
  154. Myers (2006), s. 52.
  155. Porter (2007), s. 86.
  • Bolken om norsk pønk er henta frå «Punk» frå Wikipedia på bokmål, den 19. september 2008. Bokmålsutgåva oppgav desse kjeldene:
  1. Tre grep og sannheten - Norsk punk 1977-1980 (Vega forlag, 2007, ISBN 978-82-8211-002-0)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]