Link Wray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Link Wray
Link Wray - 3-8-03 Photo by Anthony Pepitone.jpg
Link Wray i 2003
Verkeleg namn Fred Lincoln Wray jr
Fødd 2. mai 1929
Død 5. november 2005
Instrument Gitar
Sjanger Rock and roll
Aktive år 1956 - 2005
Yrke Musikar, låtskrivar

Fred Lincoln «Link» Wray jr (fødd 2. mai 1929 i Dunn i Nord-Carolina, død 5. november 2005 i København i Danmark) var ein indiansk amerikansk musikar og gitarist. Wray var ein av nyskaparane av ein ny elektrisk gitarlyd, som ein kan høyre i den instrumentale hitten hans «Rumble» frå 1958 av Link Wray and his Ray Men. Her nyttar han ein overdriven, forvrengd gitarlyd og fann opp powerakkordar for moderne rockegitaristar[1] og på den måten har han prega både heavy metal og pønkrock[2].

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Wray vart fødd i Dunn i Nord-Carolina og det var her han første gong høyrde slidegitar som åtteåring frå ein omreisande svart mann kalla «Hambone». Familien hans flytta seinare til Nordfolk i Virginia. Wray var ein periode i hæren og var utstasjonert i Korea under Koreakrigen. Her fekk han tuberkulose og mista til slutt ei lunge. Legane fortalde han at han aldri kunne klare å synge igjen. Link Wray konsentrerte seg derfor heller om gitarspelinga si. Trass i dette har han stundom sunge på songane sine og har vist ei kraftig røyst.

Etter han kom ut frå Hæren danna Wray og brørne hans Doug og Vernon Wray, med venene Shorty Horton og Dixie Neale, bandet Lucky Wray and the Lazy Pine Wranglers, seinare kalla Lucky Wray and the Palomino Ranch Hands. Dei spelte country og Western swing i fleire år på fjernsynsprogrammet Milt Grant's House Party. Bandet gjorde sine første innspelingar i 1956 for Starday Records.

I fjernsynsprogrammet var dei òg backingband for artistar som Fats Domino og Ricky Nelson. På ein konsert i Fredericksburg då dei prøvde å spele på The Diamonds sin «The Stroll», kom dei opp med den mektige 12-taktsbluesinstrumentalen «Rumble», som dei opphavleg kalla «Oddball». Songen vart med ein gong særs populær hos publikum og dei måtte spele songen fire gongar same kvelden. Til slutt kom songen plateprodusenten Archie Bleyer i Cadence Records for øyre, men han hata songen, særleg etter at Wray stakk hol i forsterkarane hans slik at lyden skulle verte meir lik konsertutgåva (sjå «Rocket 88» for ei liknande soge med Ike Turner). Bleyer si stedotter likte deriomt songen særs godt og han vart gjeve ut. Ho foreslo namnet «Rumble», fordi han minna ho om West Side Story. Rumble er eit uttrykk for «gjengslagsmål».

Den truande lyden i «Rumble» (og tittelen) gjorde at han vart bannlyst av fleire radiostasjonar, noko som er sjeldan for ein song utan tekst. Likevel vart han ein stor internasjonal hit og hadde mellom anna stor innverknad på The Who i Storbritannia. Pete Townshend sa mellom anna i 1970 at om det ikkje hadde vore for Link Wray og «Rumble», så hadde han ikkje starta å spele gitar.

Jeff Beck, Jimmy Page, Jimi Hendrix, Marc Bolan, Neil Young og Bob Dylan har alle omtalt Wray som ei inspirasjonskjelde. Mark E. Smith frå The Fall song linja «I used to have this thing about Link Wray, I used to play him every Saturday, God bless Saturday» i songen «Neighbourhood of Infinity». Wray vart nemnd ein av dei hundre største artistane gjennom tidene av magasinet Rolling Stone, men han har ikkje vorte innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Bandet spelte fleire harde instrumentale songar seint i 1950-åra og tidleg i 1960-åra, inkludert «Rawhide», «Ace of Spades» og «Jack the Ripper».

Utover 70-åra heldt Wray sporadiske turnear. Inspirert av at songane hans vart brukt i så mange filmar, spelte Wray i 1997 inn albumet Shadowman, som var i god gammal rock and roll-stil. Wray drog så på turne i Europa og Australia.

Wray flytta til Danmark i 1980-åra etter å ha møtt og gifta seg med den danske studenten Olive. Han døydde 5. november 2005 i heimen sin i København, 76 år gammal.

Musikken hans har vorte nytta i mange filmar, som Pulp Fiction, Desperado, Independence Day, Twelve Monkeys, This Boy's Life, Blow, Johnny Suede, The Shadow, Breathless og Pink Flamingos.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cub Koda & Steve Leggett (2008). "Link Wray" Biography, AllMusic.
  2. Simmonds, Jeremy (2008). The Encyclopedia of Dead Rock Stars: Heroin, Handguns, and Ham Sandwiches, s.559. ISBN 1-55652-754-3.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]