Rån

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moderne framstilling av Rån på eit færøyisk frimerke frå 2004.

Rån, norrønt Rán, er i ei gudinne eller gyger i norrøn mytologi som har makt over havet. Ho er gift med havguden Æge og har saman med han ni døtrer, havbølgjene.

«Ögir und Ran» av F. W. Heine.
Bilete av Rån frå 1901.

Rån tek imot dei som druknar på sjøen. Ho har eit fiskenett som ho kan fanga sjøfarande i. Nettet blir brukt i Volsungesoga, der Loke låner det for å fanga Andvare, som har skapt seg om til ei gjedde.

Fleire kenningar for havet er knytte til Rån. Snorre nemner mellom anna «Mannen til Rån» (verr Ránar), «landet til Rån» (land Ránar) og «Rån-vegen» (Ránar vegr).

I soga om Fridtjof den frøkne kjem Fridtjof og mennene hans ut for eit uvêr på sjøen. Han frykter då at han skal måtte kvila i Rån si seng:

Sat ek á bólstri
í Baldrshaga,
kvað, hvat ek kunna,
fyr konungs dóttur.
Nú skal ek Ránar
raunbeð troða,
en annar mun
Ingibjargar.[1]
På pute sat eg
i Balderhagen
song kva eg kunne
for kongedotter.
No skal eg i Rån
si seng stiga
ein annan skal få
Ingeborg.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Rån» i Caplex.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Friðþjófs saga ins frækna ved «Norrøne Tekster og Kvad».
  2. Omsetjing basert på engelsk The Story of Frithjof the Bold i Three Northern Love Stories and Other Tales av Magnússon and Morris (1901)