Balder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den vene Balder, framstilt i første utgåva av Nordisk familjebok.

Balder (norr. Baldr) er i norrøn gudetru son av Odin og Frigg. Han budde i Breidablikk, var gift med Nanna og hadde saman med henne sonen Forseti. Balder var gud for rettferd, og den venaste av alle æsene. Ein kenning for Balder var den vene, ein annan den myrda guden.

Drapet på Balder[endre | endre wikiteksten]

Loke spenner bogen for Hod.

Den best kjende soga om Balder er korleis han blei drepen. Ho blir fortald mest utførleg i den yngre Edda, og der er detaljane slik:

Balder eller mor hans hadde ein draum om korleis han blei drepen. Ettersom draumar blei sett på som profetiske, blei Frigg straks redd for at noko skulle skje sonen, og gjekk rundt og fekk alle ting til å lova at dei ikkje skulle skada Balder. Den einaste ho oversåg var mistelteinen.

Sidan Balder var blitt usårleg, mora æsene seg med å skyta på han med pil og boge. Einast Hod var ikkje med på moroa, for han var blind. Den slu halvguden Loke lokka Hod til å skyta med ei pil laga av misteltein, og slik blei Balder drepen likevel.

Det blei stor sorg då den vene guden døydde, og Frigg bad gjennom Hermod dødsgudinna Hel om å sleppa han ut frå dødsriket. Ho gjekk til slutt med på dette, men berre dersom heile verda sørgde over Balder. Dette gjorde alle, med eitt unntak: Jotunkvinna Thokk, som eigentleg var den forkledde Loke. Så måtte Balder likevel fara til Hel. Kroppen hans ble lagt i skipet hans, og han blei brend i det saman med kona, som hadde døydd av sorg. Hesten hans i full utrusting vart òg med på likbålet.

Snorre fortel at Loke fekk den endelege straffa si etter dette, at han blei bunden fast i ei fjellhole og lagt under ein giftslange. Tidlegare versjonar av myta om Balder nemner ikkje eingong Loke som involvert i historia.

Enden og byrjinga[endre | endre wikiteksten]

Drapet på Balder skal vera byrjinga på Ragnarok, men etter at verda er gått under vil det koma ei ny verd der Balder skal bli gjenfødd og forsona med drapsmannen sin, Hod. Denne delen kan vera inspirert av dei nye forteljingane om Jesus som tok til å spreia seg i den norrøne verda.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]