Rímac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rímac gjennom Lima.
(Foto: Eric Bronder)

Elva Rímac (quechua: pratsam; tilnamn på spansk el Río Hablador : elva som snakkar) renn vestover frå Andes til Stillehavet gjennom Lima-regionen og hovudstaden Lima i Peru og er den mest vektige drikkevasskjelda for Lima-metropolen med Callao.

Rímac dekkjer eit nedslagsfelt på 3 312 km² og har ei lengd på 160 kilometer. Bassenget har 191 innsjøar. Ho startar 5 508 moh. i Nevado Paca i Andesfjella. Øvste delen av elva renn gjennom Huarochirí-provinsen, deretter Lima-provinsen. Utlaupet er i Callao, like ved Jorge Chávez internasjonale lufthamn. Dei største sideelvane er elvane Santa Eulalia, San Mateo o Alto Rímac, Blanco og Surco. I 1962 bygde styresmakta ein 10 kilometer lang tunell forma som ein hevert for å auke drikkevasstilførselen til Rímac med ekstra vatn frå laguna Marcapomacocha. Før tunellen kom var Marcapomacocha ei kjelde til Mantaro og Amazonaselva.

I 1998 vart det oppretta eit reservat i Lima-provinsen, Zona Reservada del Valle del Río Rímac, der miljøet skal vernast og reinskast etter mykje forsøpling og tømming av avlaupsvatn. Elveleiet er habitat for artar som sporvefalk (Falco sparverius), grønisfugl (Chloroceryle americana) og kvitkinnand (Anas bahamensis) samt hegrar som snøhegre (Egretta thula), kvitibis (Eudocimus albus) og natthegre (Nycticorax nycticorax).

I Lima by finst det mange bruer over Rímac, den mest vidkjente er Puente de Piedra frå 1610, òg kalla Puente Trujillo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]