Røntgenrøyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Coolidge røntgenrøyr frå kring 1917. Den oppvarma katoden er til venstre og anden til høgre. Røntgenstrålene går nedover.

Eit røntgenrøyr vert nytta for å lage røntgenstråling. Ein glødekatode sender ut elektron som blir akselerert mot ein anode ved hjelp av ei høg spenning. Elektrona har kinetisk energi omtrent lik null når de forlet katoden. Den kinetiske energien Ek ved anoden blir derfor e*U, der e er elektronladinga og U er spenninga. Når elektrona treff anoden, sender anoden ut røntgenstråling, eller bremseenergien han får når elektrona treff. Strålinga er fordelt over mange frekvensar. Mesteparten av strålinga har større frekvens enn ultrafiolett stråling. For eit røntgenrøyr med ein gjeven spenning U har strålinga ein maksimal frekvens, f. Den mest energirike røntgenstrålinga oppstår når all kinetisk energi i eitt elektron blir omforma til eitt foton.

Kjelder [endre]