Rørosskifer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rørosskifer er ein bergartserie som særleg består av ulike sedimentære bergartar. Han er ein glimmerskifer som inneheld granat. Han vart danna i overgangen mellom kambrium og ordovicium, for 480-500 millionar år sidan, og skove på plass under den kaledonske fjellkjedefoldinga. Denne skiferen er kalla opp etter Røros, der serien er utbreidd, men han finst òg i andre delar av Trondheimsfeltet, særleg vest for Glåma sør for Røros.

Kvaliteten på rørosskifer er dårlegare enn for kvartsittskifer, og med betre transport til sjøs og vatn har han vorte utkonkurrert av t.d. kvartsskiferen frå Alta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]