Glimmerskifer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Glimmerskifer
SchistUSGOV.jpg
Glimmerskifer
Kjenneteikn
Gruppe Metamorf
Hovudmineral kvarts, glimmer
Identifikasjon
Bruksområde byggstein, golvflis, terrassedekke, trapper, m.m.
Anna særs god kløv i liggeplanet

Glimmerskifer er ein metamorf bergart. Glimmerskifer er lagdelt og har gode kløveigenskapar (milli- til centimeter tjukke flak).

Han består av lagvise mineral. Hovudmateriala er kvarts og glimmer, men òg noko feltspat, kloritt, apatitt og andre mineral. Glimmer er danna av mørk biotitt, paragonitt og ljos muskovitt.

Han kan òg innehalde granat, kyanitt, staurolitt eller sillimanitt. Dersom innhaldet av éit av desse er dominerande, blir kalla han for granatglimmerskifer, kyanittglimmerskifer o.s.v.

Dei fleste glimmerskifrane er danna ved regionalmetamorfose av opphavlege leirsediment og han dannar godt jordsmonn. Dei er vanlege i grunnfjellet og i yngre fjellkjeder, òg i Noreg. Einskilde glimmerskifrar blir nytta som takskifer.

Danning[endre | endre wikiteksten]

Glimmerskifer er danna ved avsetning (sedimentering) av leire, på botnen av vatn (innsjøar eller hav) frå kambrium- til silurtida.

Leira er avsett i intervall eller syklusar, difor er skifer lagdelt. Seinare er desse ført ned i jordskorpen. Ved høg temperatur på omtrent 600 °C og trykk opptil 5000 bar, har sedimentlaga vorte omdanna (metamorfose) frå leire til skifer.

Grada av omdanning (metamorfose) frå leire gjev skiferen ulik kvalitet. Leirskifer er ikkje omdanna og er ein ganske mjuk skifer. Fyllitt er hardare og meir omdanna, medan glimmerskifer og kvartsittskifer er hardast og dei mest omdanna.

Norske glimmerskiferbrot[endre | endre wikiteksten]

Glimmerskifer er vanleg i Gudbrandsdalen, Trøndelag, Nordland og Troms

Kjelder[endre | endre wikiteksten]