Rabbit Islands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 58°32′N 4°24′W

Rabbit Islands frå Coldbackie

Rabbit Islands eller Eileanan nan Gall er tre små øyar i Tongue Bay utanfor nordkysten av Sutherland i Skottland. Øyane høyrer til Tongue sokn. Dei er ein populær stad for dykking.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øyane sett frå Ard Skinid nær Talmine.

Rabbit Islands er forholdsvis flate og smale, og ligg i ei nordaustgåande rekkje langs Tongue Bay. Dei ligg nær Coldbackie, Melness og Talmine på fastlandet, medan øya Eilean nan Ròn ligg i nordaust.

Rabbit Islands består av sandstein. Jordsmonnet er sandhaldig, og høver godt til å grava gangar i for dei mange kaninane som held til på øyane, og står bak det moderne engelske namnet deira. «Rabbit Islands» tyder 'kaninøyane'. Kaninane blei introdusert til øyane på 1700-talet for kjøtproduksjon. Ein har også brukt øyane som beite til andre husdyr.

Det skotsk-gæliske namnet «Eileanan nan Gall»[1] tyder 'framandøyane'. Namnet skal visa til dei framande vikingane som steig iland øyane, som gjev ei god naturleg hamn.

Den nordlegaste øya heiter Sgeir an Òir, 'gullskjeret'. Visstnok skal eit skip som førte gull til «Bonnie Prince Charlie» ha forlist i nærleiken. Nord på denne øya finst ein naturleg boge kalla Claigeann na Sgeir ('Bjølla på skjeret').

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dette namnet vert også brukt på engelsk, der ein også finn angliseringane Eilean-na-Gaeil og Eilean nan Gaill