Vikingar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Viking)
Gå til: navigering, søk
«Viking» omdirigerer hit. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå viking (fleirtyding).
Vikingar og reisinga deira på færøyske frimerke.
Kart over vikingane sitt område, og reiser med årstal

Vikingar er ei nemning på sjøkrigarar, sjørøvarar og handelsfolk frå Skandinavia i vikingtida.

Arkeologien har aldri funne viking-hjelmar med kuhorn. Slike høver heller ikkje til strid. Grunnen til denne feiloppfatninga i populærmedia er visstnok at i ei framføring av ein Wagner-opera fekk dei som spelte vikingar, horn så tilskodarane skulle kunna skilje dei stridande partane frå einannan.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ein teori[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire teoriar om etymologien til ordet «viking». Nyare forsking hevdar at ordet er frå før dei nordiske folka tok i bruk seglet, fordi den gammalfrisiske skrivemåten viser at ordet vart uttala med palatal k. Då er det all grunn til å tru at ordet fanst i nordvestgermansk då den palataliseringa skjedde, nemleg på 400-talet eller før (i den vestlege greina). I så fall kan ordet forklarast ut frå den gammalnordiske distanseeininga på sjøen. Den heitte vika (f.) og var truleg opphavleg ’distansen mellom to skifte av roarar’. Det norrøne hokjønnsordet víking (som i uttrykket «å fara i viking») kan opphavleg ha vore ei ’sjøferd prega av roarskifte’, for det dreiar seg om lange ferder, og i roskipsalderen var roarskiftinga noko som skilde langferder frå andre båtferder. Ein víkingr (altså hankjønnsordet) har då opphavleg vore ein ’deltakar på ei sjøferd prega av roarskifte’. I så fall var «viking» frå fyrst av ikkje knytt til nordiske sjøfararar, men fekk den tilknytinga då skandinavane tok til å dominere på havet. – Utgangspunktet for distanseeininga vika er verbet «vike», og tanken bak er visst at den slitne roaren «vik» for den som avløyser han. Samtidig er vika same ordet som «veke» ’7 dagar’; i begge tilfelle er tydinga eigentleg ’skift’: Ei «sjøveke» er distansen til eitt roarskift, og ei vanleg veke er perioden til eitt skift av vekedagsgudar – Odin har onsdagen, Tor har torsdagen, Frigg har fredagen, osb.

Andre teoriar[endre | endre wikiteksten]

At ordet «viking» har samanheng med sjødistanseeininga vika har vorte føreslått uavhengig av minst fire personar i løpet av dei siste 30 åra, og har fått stor tilslutnad blant fagfolk dei siste åra. Tradisjonelt er det to andre etymologiar som har hatt størst tilslutnad: 1. «Viking» kjem av hokjønnsordet som på norrønt heitte vík og som tyder ’bukt’. Tanken er då at vikingane søkte hamn i viker når dei gjorde strandhogg, eller la seg på lur i viker og angreip handelsskip derifrå. 2. «Viking» kjem av «Vika» / «Viken», den norske Skagerak-kysten, på norrønt Vík(in). Tanken er då at «vikingar» opphavleg var ei nemning for folk derifrå, og så sekundært fekk tydinga ’sjørøvar’, ’sjøkrigar’, fordi folk frå Vík(in) spela ei spesielt viktig rolle i vikingtoga. Begge desse forklaringane er svært problematiske. Med den fyrste er problemet at alle sjøfarar søkjer hamn i viker; dét er ikkje noko som kan ha særmerkt vikingane – snarare tvert imot. Kjeldene fortel at vikingane ofte slo seg til på nes og øyar, for dei var lettare å forsvara mot landhærar. Med den andre forklaringa er det fleire problem. For det fyrste blir folk frå Vík(in) i norrøne kjelder kalla «vikværingar», aldri víkingar. For det andre er det ingen kjelder frå vikingtida eller mellomalderen, korkje frå Norden eller Europa elles, som knyter vikingane til den norske Skagerak-kysten. For det tredje er det språkformelle problem med denne forklaringa. Eit problem med begge forklaringane er at dei berre tek hankjønnsordet víkingr med i vurderinga, og ser bort frå hokjønnsordet víking. Men begge orda må forklarast. Etter alt å døme er hankjønnsordet avleidd av hokjønnsordet, for samhøvet mellom dei ser ut til å svara til samhøvet mellom norrøne ordpar som velling ’koking’ og vellingr ’tynn graut’, osb. Hankjønnsordet med konkret tyding er avleidd av hokjønnsordet, som er eit verbalsubstantiv med abstrakt tyding. Dette er det mange døme på, men det motsette er visst ukjent.

Litteratur:[endre | endre wikiteksten]

Askeberg, Fritz, 1944: Norden och kontinenten i gammal tid. Studier i forngermansk kulturhistoria. Uppsala: Almqvist & Wiksell.

Heide, Eldar, 2005: «Víking - 'rower shifting'? An etymological contribution». Arkiv för nordisk filologi 120. 41-54.

Heide, Eldar, 2008: «Viking, week, and Widsith. A reply to Harald Bjorvand». Arkiv för nordisk filologi 123. 23-28.

Heide, Eldar, 2009: «Kva kjem ordet «viking» av?». Kysten 5-2009. 17-19.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.