Rasmus P. Mork

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rasmus P. Mork

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. april 1866
Volda kommune
Død

21. oktober 1950 (84 år)

Yrke melkebonde

Rasmus Pedersson Mork, til vanleg R.P. Mork, (13. april 186621. oktober 1950) var ein norsk meierileiar frå Volda.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mork var fødd utanfor ekteskap i Håvik i Volda. Mor hans, Ane Lisbet, som var dotter til Jakob Rasmusson Vassbotn, budde der hos ein slekting. Før Rasmus var året gammal, døydde mora. Han voks sidan opp hos ein farbror på Mork i Volda. Rasmus tok i 1888 eksamen ved Romsdals amts Landbruksskole og i 1890 ved Hegra Meieriskole. Dei komande åra var han fyrst styrar av Statens Meieriskole i Øystese, deretter av Vefsn Meieri 1893–1896.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1896 busetet han seg i Ørsta og leia Ørsta Meieri i over ti år. Han starta eige meieri i Ålesund 1906 og flytta til byen i 1909. Meieriet i Ålesund var landets fyrste «sjømeieri», eit meieri der mjølka vart frakta frå bøndene med båt. Han overdrog verksemda til Sunnmøre Meieri i 1918. Frå 1919 til 1934 var han meierikonsulent i Møre fylke og i Sogn og Fjordane.

Mork engasjerte seg i samfunnstyringa; i si tid medlem i Ørsta heradsstyre, Ålesunds bystyre og formannskap og av Borgund heradsstyre. Han var styreformann i Borgund elektrisitetsverk, formann i representantskapen til Ålesunds nye Kredittbank og formann i Romsdal og Møre fylkes meieriforening. Mork var òg heidersmedlem i Norske meierifolks landsforening og var tildelt kongens fortjenstmedalje i gull.

Han var far til Rasmus J. Mork.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Meieripioneren R.P. Mork - og gneisten som brenn», av Olav Aarflot i Møre-Nytt 1983.
  • Denne artikkelen bygger på «Rasmus P. Mork» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juli 2023.