Rasmus Sindre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rasmus Elias Paulsson Sindre (23. juli 18593. april 1908) var ein norsk gardbrukar, avisredaktør og politikar frå Stryn i Nordfjord.

Sindre gjekk amtsskulen i Gloppen 1876/77 og på 'Hauges Minde' 1880/81. I 1882 overtok han farsgarden Sindre i Markane etter far sin. Han var medlem av heradsstyret Innvik frå 1888 og ordførar frå 1895, og tok elles på seg mange kommunale verv.

Sindre var 4. representant for Nordre Bergenhus amt og VenstreStortinget 1900-03. På tinget var han sekretær i justiskomiteen. 1895-1901 var han redaktør i avisa Fjordenes Blad. Han var gift med Gyda Sindre (f.Støyva, 1858-1946), dei to hadde åtte born. Han døydde av kreft på garden sin i 1908, 48 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Hermund Kleppa (2002) Minnestein over Rasmus og Gyda Sindre lesen 3.10.2009
  • Ottar Starheim (red.) (2009) NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon, [1] lesen 14.11.2012