Raudeberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raudeberg
Geografi
Kommune Vågsøy
Fylke Sogn og Fjordane
Folkemengd[1] 667 (2012)
Folketettleik 980,9 /km²
Areal[1] 0,68 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer Riksvei 617.svg 
Postnummer 6710 RAUDEBERG
Kart
Raudeberg is located in Sogn og Fjordane
61°57′24″N 5°8′16″EKoordinatar: 61°57′24″N 5°8′16″E

Raudeberg er den nest største tettstaden i Vågsøy kommune. Tettstaden ligg ved Ulvesundet på austsida av Vågsøy. Staden var administrasjonsstad for gamle Nord-Vågsøy kommune. Næringslivet er dominert av skipsverft (Blaalid, Båtbygg) og fiskeindustri. Skulen heiter Raudeberg skule og det går om lag 125 elevar. Barnehagen heiter Skarevik barnehage, og kyrkja heiter Nord-Vågsøy kyrkje. Her er vassverk og ei småbåthamn som er stor nok til om lag 50 båtar. Næringslivet er knytt til sjøen. I sentrum ligg Skarevik («Vikja»). Namnet Raudeberg kjem i frå den raude steinsorten (olivin, som blir raud når den oksiderer) som fjellet/berget er bygd opp av ovanfor sjølve bygda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
Spire Denne Sogn og Fjordaneartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.