Recklinghausen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Recklinghausen
Rådhuset i Recklinghausen
Rådhuset i Recklinghausen
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Recklinghausen
Recklinghausen is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Münster
Recklinghausen
Først nemnd i 1017
Geografi
Flatevidd
 - By

66,4 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

121 521
  1 830/km²
Koordinatar 51°37′0″N 07°12′0″EKoordinatar: 51°37′0″N 07°12′0″E
Høgd over havet 85 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 45601–45665
Telefon-retningsnummer 02361
Bilnummer RE
Heimeside: www.recklinghausen.de

Recklinghausen er ein by i Tyskland i Ruhrområdet i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 120 000 innbyggjarar. Byen er administrasjonsstad i landkreisen med same namn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Recklinghausen vart først nemnd i år 1017 som Richoldinchuson. Sidan 1150 har byen vore sentrum i det såkalla Vest Recklinghausen, eit forvaltings- og domstolsområde for heile regionen. Vest Recklinghausen høyrte til kurfyrstedømet Köln fram til 1802. I 1236 fekk Recklinghausen fullstendige byrettar.

Mellom 1514 og 1706 vart det brend hekser i byen. Forfølgjinga av heksane hadde sitt høgdepunkt i 1580-1581 og 1588-1589.

Etter at kurfyrstedømet Köln vart avskaffa kom Recklinghausen til hertugdømet Arenberg, i 1811 til storhertugdømet Berg og i 1814 til den prøyssiske sivilstyresmakta mellom Weser og Rhinen. I 1815 vart byen ein del av provinsen Westfalen i Preussen.

I 1949 vart Recklinghausen ein storby, det vil sei at han fekk meir enn 100 000 innbyggjarar. I 1975 vart Recklinghausen sete i kreisen Recklinghausen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Recklinghausen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]