Ruhrområdet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ruhrområdet i Tyskland
Kart over Ruhrområdet

Ruhrområdet, eller berre Ruhr, (tysk Ruhrgebiet, Ruhrpott eller Kohlenpott) er eit urbant område i Nordrhein-Westfalen i Tyskland som består av fleire store, tidlegare industribyar mellom elvane Ruhr i sør, Rhinen i vest og Lippe i nord. I sørvest grensar området til Bergisches Land. Området, som har om lag 5,3 millionar innbyggjarar, vert rekna som ein del av det større storbyområdet Rhin-Ruhr med meir enn 12 millionar innbyggjarar.

Frå vest til aust inneheld området bykommunane Duisburg, Oberhausen, Bottrop, Mülheim an der Ruhr, Essen, Gelsenkirchen, Bochum, Herne, Hamm, Hagen og Dortmund, i tillegg til meir «landlege» område som Wesel, Recklinghausen, Unna og Ennepe-Ruhr. Desse områda har vokse saman og dannar eit stort industrilandskap med unik storleik og om lag 5,3 millionar innbyggjarar. Dette gjer det til det femte største storbyområdet i Europa etter Moskva Stor-London, Stor-Madrid og Paris (sjå òg: Istanbul).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ruhrdalen er eit område i Tyskland. Byar i dette området byrja først å vekse under den industrielle revolusjonen, og økonomien var hovudsakleg basert på utvinning av kol og produksjon av stål. Då etterspurnaden etter kol minka etter 1960 gjekk området gjennom fleire strukturelle krisar og industriell spreiing, der ein først utvikla tradisjonell tungindustri, og så flytta seg over til tenesteytande næringar og høgteknologi. Den velkjende luft- og vassforureininga i området høyrer hovudsakleg til fortida.

I januar 1923 okkuperte franske styrkar Ruhrområdet etter at Tyskland ikkje klarte å betale erstatninga dei var pålagd som følgje av Versaillestraktaten etter den første verdskrigen. Den tyske regjeringa svarte med «passiv motstand», som tydde at gruve- og jernbanearbeidarane nekta å følgje ordre frå okkupasjonsstyrkane. Produksjonen og transporten stod stille, men dette øydela så fullstendig den økonomiske situasjonen i Tyskland og den passive motstanden opphøyrde seint i 1923.

Under den andre verdskrigen sette dei allierte i gang eit felttog som skulle omringa og erobre Ruhrområdet. Ein klarte å omringe heile området og fleire hundre tusen Wehrmacht-troppar vart fanga i det som vart kalla «Ruhrlomma». Sidan området var så økonomisk viktig for Tyskland var det kraftig bomba under krigen og enkelte av byane, som Dortmund, var av dei mest øydelagde byane i Tyskland då krigen var over.

Etter den andre verdskrigen var Ruhrområdet nær ved å opphøyre. Morgenthauplanen sette tonen i 1944 då heile området vart strippa for gruve- og fabrikkindustri, og industriarbeidarane vart spreidd så vidt som mogeleg. Rurhområdet skulle så styrast som ei internasjonal sone. Den franske Monnetplanen pressa på for å få ei internasjonalisering. Ruhravtalen vart pålagd tyskarane for at dei skulle få opprette Forbundsstaten Tyskland.[1]

Til slutt førte starten av den kalde krigen til auka tysk kontroll over området, sjølv om det vart avgrensa av samanslåinga av den tyske kol- og stålindustrien til eit multinasjonalt fellesskap (sjå Det europeiske kol- og stålfellesskapet). Det nærliggande Saarområdet, som inneheld mykje av dei gjenverande kolførekomstane i Tyskland, vart av USA gjeve over til fransk økonomisk styre i form av eit protektorat i 1947 og vart ikkje politisk ført over til Tyskland før i januar 1957. Den økonomiske gjenopprettinga skjedde eit par år seinare. Parallelt til spørsmålet om politisk kontroll over Ruhr, gjorde dei allierte eit forsøk på å minke det tyske industripotensialet ved å avgrense produksjonen og legge ned fabrikkar og stålverk, hovudsakleg i Ruhr. I 1950 hadde ustyr vorte fjerna frå 706 fabrikkar i vest og stålproduksjonen hadde vorte redusert med 6,7 millionar tonn.[2] Nedlegginga tok slutt i 1951.

Då spenningane under den kalde krigen auka, rekna ein med at eit åtak frå den raude arméen inn i Vest-Europa ville starte i Fulda Gap, og ville ha Ruhrområdet som hovudmål.

I 2006 vart byen Essen, som representant for heile Ruhrområdet, nominert av ein sjølvstendig jury som europeisk kulturhovudstad i 2010. Dette vart rekna som eit stort steg for den strukturelle endringa etter nedgangen for kol- og stålindustrien.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Den lokale tyske dialekten i området vert vanlegvis kalla Ruhrdeutsch eller Ruhrpottdeutsch, sjølv om ein ikkje har ein einsforma dialekt som kan falle inn under ei slik nemning. Det er heller ein sosiolekt i arbeidarklassen som er påverka av fleire dialektar i området, og som endrar seg frå yrke til yrke.

Enkelte ord i dialekten har polsk opphav, t.d. kjem ordet «Mottek» som tyder «hammar» frå det polske ordet «Młotek», som har same tyding.

Artikkelen «das» vert ofte uttalt «dat(t)» i Ruhrpottdeutsch, «was» som «wat(t)» osv.

Innvandring[endre | endre wikiteksten]

1800-talet trekte Ruhrområdet til seg opp mot 500 000 polakkar frå Aust-Preussen og Schlesien, ofte kalla Ostflucht. I 1925 hadde Ruhrområdet rundt 3,8 millionar innbyggjarar. Dei fleste innvandrarane kom frå Aust-Europa, men ein kunne òg finne emigrantar frå Frankrike, Irland og Storbritannia. Ein meiner at desse emigrantane kom frå over 140 forskjellige nasjonar. Etter den andre verdskrigen kom det enno fleire emigrantar frå aust. Desse gjestearbeidarane, eller «gastarbeiter», kom hovudsakleg frå Italia og Tyrkia.

Dei fleste etterkomarane etter desse snakkar i dag berre tysk og reknar seg sjølv som tyskarar, og berre etternamna er eit teikn om fortida deira.

Offentleg transport[endre | endre wikiteksten]

Alle offentlege transportselskap i Ruhromdået er underlagd VRR (Verkehrsverbund Rhein-Ruhr), som gjev eit einsarta bilettsystem for heile området. Rurhområdet er godt integrert med Deutsche Bahn, både for passasjerar og gods.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Amos Yoder, The Ruhr Authority and the German Problem, The Review of Politics, Vol. 17, No. 3 (Juli 1955), s. 345-358
  2. Frederick H. Gareau - Morgenthau's Plan for Industrial Disarmament in Germany - The Western Political Quarterly, Vol. 14, No. 2 (Juni 1961), s. 517-534

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kift, Roy, 'Tour the Ruhr - the English language guide' (second edition 2003) Klartext Verlag, Essen [1], ISBN 3-88474-815-7
  • Berndt, Christian. Corporate Germany Between Globalization and Regional Place Dependence: Business Restructuring in the Ruhr Area (2001)
  • Crew, David. Town in the Ruhr: A Social History of Rochum, 1860-1914 (1979) ISBN 0-231-04300-7
  • Gillingham, John. Industry and Politics in the Third Reich: Ruhr Coal, Hitler, and Europe (1985) ISBN 0-231-06260-5
  • Chauncy D. Harris, «The Ruhr Coal-mining District,» Geographical Review, 36 (1946), 194-221.
  • Norman J. G. Pounds. The Ruhr: A Study in Historical and Economic Geography (1952) online
  • Royal Jae Schmidt. Versailles and the Ruhr: Seedbed of World War II (1968)
  • Elaine Glovka Spencer. Management and Labor in Imperial Germany: Ruhr Industrialists as Employers, 1896-1914. Rutgers University Press. (1984) online

Kjelde[endre | endre wikiteksten]