Regjeringsbygget i Baku

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 40°22′25″N 49°51′9″E
Regjeringsbygget
Hökumət evi (az)
bygning
Land Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan
By Baku
koordinatar 40°22′25″N 49°51′9″E
skaparar Lev Rudnev, V.O. Munts
Stil Barokk
Byggestart 1936
 - Ferdigstilt 1952

Regjeringsbygget (aserbajdsjansk Hökumət evi) i Baku er eit regjeringsbygg for forskjellige ministrar i Aserbajdsjan. Bygget ligg ved Neftchiler aveny mot Baku Bulvar ved Azadliqplassen‎. Baksida av bygget går langs den travle Uzeyir Hajibeyov gate i sentrum av Baku. Regjeringsbygget vart oppført for 5500 personar.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1924 - 1927 vart det planlagd fleire store regjeringsbygg for Baku. I 1934 annonserte sovjetiske styresmakter eit anbod for bygginga av Baku Sovjet-palass (seinare omdøypt Regjeringsbygget). Konkurransen vart vunnen av dei kjende arkitektane Lev Rudnev, V.O. Munts og K. Tkatsjenko (deltakar). Med somme endringar i prosjektet, vart bygginga av Regjeringsbygget utført frå 1936 til 1952. Bygginga førte òg til bygginga av Leninplassen (seinare kalla Azadliqplassen, eller Fridomsplassen) føre byggverket. I 1955 vart det reist eit monument til Vladimir Lenin ved Azadliqplassen, laga av D.M. Garyaghdi.[2] I tillegg til hovudbygget vart det bygd fleire andre bygg i 1960- og 1970-åra kring plassen, som hotella Azerbaijan og Absheron. Leninstatuen vart seinare fjerna av sjølvstenderørsla i Aserbajdsjan etter Svart januar og Leninplassen fekk namnet Fridomplassen (Azadliqplassen).

Etter sjølvstendet[endre | endre wikiteksten]

Bygningen husa etter sjølvstendet i 1991 mange organisasjonar og føretak. Etter at bygningen vart renovert, vart alle føretaka flytta til andre stader i byen og kontora vart nytta av statsorganisasjonar.[3]

I 2006 starta ei renovering av bygg og dette prosjektet var ferdig i 2010.[4] Bygningen ligg i sentrum av Baku og er av dei mest vitja attraksjonane i Aserbajdsjan.[5]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]