Azadliqplassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 40°22′21″ N 49°51′12″ E
Azadliqplassen
Azadlıq meydanı
plass
Land Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan
By Baku
koordinatar 40°22′21″ N 49°51′12″ E

Azadliqplassen (aserbajdsjansk Azadlıq meydanı, russisk Площадь Свободы, Plotsjsjad Svobody) er den største plassen i sentrum av Baku i Aserbajdsjan. Han ligg ved sidan av Baku Bulvar.

Det ligg store fontener på plassen, mellom anna ei musikalsk fontene.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Plassen var opphavleg kalla opp etter Vladimir Lenin, bygd i 1960- og 1970-åra, etter at Regjeringsbygget i Baku stod ferdig i 1952 og eit monument til Lenin vart reist føre det i 1955.[1] I lag med plassen har styresmaktene i Baku reist fleire bygg kring plassen, som hotella Azerbaijan og Absheron. Leninmonumentet, laga av D.M. Garjaghdi, vart rive ned tidleg i 1990-åra etter at Aserbajdsjan fekk sjølvstendet sitt og etter Svart januar-tragedien.[2] Plassen fekk i 1991 òg namnet Azadliqplassen (Fridomsplassen) etter at Sovjetunionen kollapsa.[3] I 2006 gav regjeringa midlar til renovering av Regjeringsbygget og området kring Azadliqplassen. Arbeidet pågjekk til 2010.[4]

Byggverk[endre | endre wikiteksten]

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Plassen var åstad for protestar frå tusenvis av aserbajdsjanarar mot den urettferdige politikken til kommunistregimet og demonstrasjonar mot valden mot aserbajdsjanarar i Karabakh sidan 1988. Hendingane førte seinare til erklæringa sjølvstendet den 17. november 1989. Etter Svart januar-massakren av sivile innbyggjarar i Baku den 20. januar 1990, møtte om lag to millionar menneske opp på Azadliqplassen for å samlast og sørgje. Frå her tok dei dei falne i massakren til gravstaden ved Martyralleen i øvre Baku.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]