Baku Bulvar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baku Bulvar
Boulevard
Land Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan
By Baku
Wikimedia Commons: Baku Boulevard

Baku Bulvar (aserbajdsjansk Dənizkənarı Milli Park, «Nasjonalparken», eller Bakı bulvarı) er ein promenade som går langs Bakubukta i Baku, hovudstaden i Aserbajdsjan. Historia til boulevarden går attende meir enn 100 år, til ei tid då oljebaronar i Baku bygde herskapshusa sine langs breidda av Kaspihavet, og promenaden vart bygd opp kunstig meter for meter.

Parken er om lag 6 km lang og ligg langs Bakubukta frå Azadliqplassen til Den nasjonale flaggplassen og Baku krystallhall. Lengda vart nesten dobla då stykket frå nær Azneftplassen til Baku krystallhall vart ferdigstilt i april 2012 i samband med Eurovision Song Contest 2012. I følgje aserbajdsjanske styresmakter skal boulevarden verte heile 26 km lang innan 2015 og dekkje område som Bibiheybət og heile Bakubukta.[1][2]

I 1999 vart boulevarden erklært ein nasjonalpark av Heydar Aliyev, tidlegare president i Aserbajdsjan. Med denne statuses har arbeidet med å reinse området for oljeforureining frå oljefelta i Kaspihavet gått raskare.[3][4] Langs boulevarden er det eit tivoli, ein yachtklubb og ei musikalsk fontene, samt mange statuar og monument, restaurantar og eit stort kjøpesenter, kalla Park Bulvar. Parken er eit populært turområde.

Inne i Park Bulvar kjøpesenter.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]