Rengakaka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rengakaka med brunost, pølse eller servert tørr

Rengakaka er eit bakverk av byggmjøl, smør, hjortetakksalt og mjølk. Deigen vert rulla ut i tynne strimlar, om lag 60 cm lange, og strimlane vert lagde som sju ringar utanpå kvarandre i ein spiral. Ho kan og bakast av kveitemjøl.

Rengakaka er kjend frå Nordrana og Beiarn, og var lenge kvardagskost i bygder der bygg var den viktigaste kornsorten. Steikte rengakaker vert sprø og held seg godt. Ein et dei gjerne med smør og ost eller salt pålegg.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]