Resitativ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Resitativ er ein komposisjonsteknikk som vert nytta som melodisk tale til musikk eller ei skildrande forteljarform der musikken følgjer orda. Han vert ofte nytta i operaer, oratorium og kantater.

Resitativa lèt seg lett skilje frå dei meir melismatiske ariane sidan rytmane og melodien ofte minner om vanleg tale og ofte består av repeterte tonar. Det vert nytta der dialogar eller monologar er sunge mellom ariane, koralane eller andre nummer og er meint for å få historia til å gå fort framover.

Resitativa har ofte særs enkelt akkompagnement og er ofte ikkje meir enn basso continuo (som ofte berre består av eit cembalo) som spelar ein akkord ein gong i mellom. Omgrepa recitativo secco og recitativo accompagnato (eller recitativo stromentato) vert nokre gonger nytta for å skilje mellom resitativ akkompagnert av berre continuo og resitativ akkompagnert av orkesteret.

Eit kjend døme er byrjinga av siste sats i Beethoven sin 9. symfoni, her vert hovudtemaet Freude, schöner götterfunken... introdusert av eit resitativ.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]