Wachet auf, ruft uns die Stimme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wachet auf, ruft uns die Stimme
BWV 140
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1731
Første framføring 25. november 1731
Publiseringsdato 1847
Typisk lengd 23:36
Satsar 7

Wachet auf, ruft uns die Stimme, BWV 140, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1731 for den 27. sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 25. november. Sidan denne sundagen berre kom år då påsken var ekstra tidleg vart ikkje kantaten framført ofte.

Teksten er skriven av Philipp Nicolai (sats 1, 4, 7), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.

Kantaten er basert på salmen med same namn av Philipp Nicolai, på norsk kjend som «Vakna opp, så ljoder luren» / «Sions vekter hever røsten».

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to oboar, engelsk horn, to fiolinar, fiolin piccolo, bratsj, valthorn og basso continuo, samt tre songsolistar (sopran, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av sju satsar:

  1. «Wachet auf, ruft uns die Stimme», Koral
  2. «Er kommt, er kommt, der Bräut'gam kommt!», Resitativ for tenor
  3. «Wann kommst du, mein Heil?», Arie for sopran & bass
  4. «Zion hört die Wächter singen», Koral
  5. «So geh' herein zu mir, du mir erwählte Braut», Resitativ for bass
  6. «Mein Freund ist mein! Und ich bin dein!», Duett for sopran & bass
  7. «Gloria sei dir gesungen», Koral

Media[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]