Reutlingen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Reutlingen
Reutlingen.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Reutlingen
Reutlingen is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Baden-Württemberg
Tübingen
Reutlingen
Først nemnd i 1089-1090
Ordførar Barbara Bosch
Geografi
Flatevidd
 - By

87,06 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik

110 681
  1 271/km²
Koordinatar 48°29′0″N 9°13′0″EKoordinatar: 48°29′0″N 9°13′0″E
Høgd over havet 382 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 72760-72770
Telefon-retningsnummer 07121, 07072, 07127
Bilnummer RT
Heimeside: www.reutlingen.de

Reutlingen er ein by i Tyskland sør i delstaten Baden-Württemberg med om lag 110 000 innbyggjarar. Byen er sete for ein landkreis med same namn.

Reutlingen har eit universitet for praktisk forsking, som vart grunnlagd i 1855, opphavleg som ein veveskule.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Reutlingen ligg ved sida av Schwabisk Alb, og vert derfor ofte kalla Døra til Schwabisk Alb (tysk: Das Tor zur Schwäbischen Alb).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første busetnadane i området meiner ein oppstod på 300- eller 400-talet. Rundt år 1030 bygde grev Egino ei borg på toppen av Achalm, eit av dei største fjella rundt Reutlingen (om lag 706 meter over havet). Eit av tårna på denne borga står framleis og er open for turistar. Namnet Reutlingen vart første nemnd skriftleg i den såkalla Bempflingentraktaten (tysk: Bempflinger Vertrag), som er frå om lag 1089-1090.

Rundt 1180 fekk Reutlingen markedsretta og mellom 1220 og 1240 fekk han bystatus og det vart bygd bymurar og festningsverk. Kort tid etter, frå 1247-1343, vart byen sitt landemerke, Marienkirche bygd.

Reutlingen vart ein by i Det tysk-romerske riket og frigjorde seg frå hertugane av Württemberg.

Byrådet i Reutlingen signerte Confessio Augustana i 1530 og Konkordieformelen i 1580 (nøkkeldokument for lutheranismen).

Den største katastrofen i historia til Reutlingen skjedde i 1726 då ein bybrann øydela 80 % av alle bustadar og nesten alla offentlege bygg. 1 200 innbyggjarar vart heimaluse. Innverknaden av denne brannen, som varte i tre dagar, kan ein framleis sjå forskjellige stader i byen.

General Ferdinand Heim, som seinare vart kalla «Syndebukken i Stalingrad» vart fødd i Reutlingen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Reutlingen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]