Schwabisk Alb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fil:Swabian Alb-Typical-landscape.jpg
Schwabisk Alb med typiske åsar og sletter med einer
Schwabisk Alb nær Tübingen

Schwabisk Alb (tysk Schwäbische Alb) er eit platå i Baden-Württemberg i Tyskland som strekkjer seg 220 km frå sørvest til nordaust og er 40 til 70 km breitt. Fjellkjeda er kalla opp etter regionen Schwaben.

Schwabisk Alb grensar til Donau i sør og dei øvre delane av Neckar i nord. I sørvest stig dei opp mot dei høgare fjella i Schwarzwald. Det høgaste fjellet i Schwabisk Alb er Lemberg på 1 015 meter over havet. Det høge platået heller sakte mot aust. Vestkanten er ei bratt klippe (kalla Albtrauf eller Albanstieg), som stig opp 400 meter og er dekt av skog.

Schwabisk Alb vert stundom nytta om det industrielle området som ligg rundt fjellkjeda, og for mange innbyggjarar er fjellkjeda ein populær stad for rekreasjon.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Schwabisk Alb består stort sett av kalkstein som danna havbotn i juratida. For 50 millionar år sidan trekte havet seg tilbake. Sidan kalkstein løyser seg opp i vatn, forsvinn regnvatn ned i sprekker og dannar underjordiske elvar som renn gjennom store grottesystem før dei kjem opp av bakken. Det er nesten ingen elvar, innsjøar eller andre former for overflatevatn i Schwabisk Alb.

Blautopf, ei kjelde som har fått namnet sitt frå den merkelege blåfargen på vatnet.

Regn og andre vêrtypar løyser sakte, men sikkert opp heile fjellkjeda. Kvart år vert ho om lag 5 cm kortare. Nokre millionar år sidan strakk kjeda seg heilt til Stuttgart. Enkelte stader var kalksteinen meir robust og det utvikla seg derfor små fjell i fjellkjeda. Fleire stader finn ein grotter, og mange av desse er populære turiststader. Ein har fleire typar grotter, frå tørre dryppsteinsgrotter til grotter ein kan kome inn med båt. Enkelte stader der vatnet kjem ut att av fjellet har ein flotte utspring, som til dømes Blautopf, ei kjelde til ei av sideelvane til Donau. På grunn av den porøse kalksteinen forsvinn nesten Donau nær Immendingen (i 1911, 1921, 1928 og 1943 forsvann ho heilt), og dukkar opp eit par kilometer nede. Det meste av vatnet som forsvinn frå Donau dukkar opp igjen nær Aachtopf, som er ei kjelde til ei sideelv til Rhinen.

Landskap[endre | endre wikiteksten]

Typisk landskap i Schwabisk Alb, her Salmendinger Kapelle på toppe av Kornbühl

Området er stort sett åslendt, og i aust stort sett flatt. Åsane er ofte dekte av små skogar med små sletter og små landsbyar i mellom. .

Byar[endre | endre wikiteksten]

Schwabisk Alb er ikkje særleg tett folkesett (samanlikna med andre område av Tyskland). Fleire storbyar ligg nær området, og vert stundom rekna som ein del av det.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Schwabisk Alb

Kjelde[endre | endre wikiteksten]



Mittelgebirge

Bayerischer Wald | Böhmerwald | Eifel | Elbsandsteingebirge | Erzgebirge | Fichtelgebirge | Dei frankiske Alpane | Frankenwald | Harz | Hessisches Bergland | Hunsrück | Lausitzer Bergland | Oberpfälzer Wald | Odenwald | Pfälzerwald | Rhön | Sauerland | Schwabisk Alb | Schwarzwald | Spessart | Taunus | Thüringer Schiefergebirge | Thüringer Wald | Vogelsberg | Westerwald | Zittauer Gebirge