Richard Talbot, 1. jarl av Tyrconnell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Richard Talbot, jarlen av Tyrconnel, måla av François de Troy[1]

Richard Talbot, 1. jarl Tyrconnell PC (163014. august 1691) var ein irsk rojalist og jakobittisk soldat. Han var òg kjend under kallenamnet «Mad Dick» Talbot.

Under dei irske forbundskrigane som følgde det irske opprøret i 1641 tekte Talbot i armeen til Det irske forbundet som fenrik i kavaleriet. Han vart tekne til fange av parlamentarikarane etter slaget ved Dungans Hill i 1647, men vart betalt ut att. I 1649 overlevde han òg den cromwellske plyndrniga Drogheda, og rømde frå garnisonen før denne vart massakrert. Kort tid etter dette flykta han frå Irland for å slå seg saman med rojalistane i Frankrike.

Han tok del i komplotta for å få tatt livet av Cromwell, men vart arrestert i London i november 1655 og forhøyrt av Cromwell sjølv. Nok ein gong rømde han.

Etter at Jakob II kom til makta i 1685, vart han gjort til Baron av Talbotstown, vicomte Baltinglass og Jarl Tyrconnell, og sendt som øvstkommanderande for styrkane i Irland. I denne stillinga og som irsk statthaldar (1687–88) plasserte han katolikkar i statlege og militære stillingar. Dermed tok heile den katolske folkesetnaden Jakob II si side i den ærerike revolusjonen. Så då Jakob i 1689 gjekk i land ved Dublin med dei franske offiserane sine, hadde Tyrconnell ein irsk arme til å støtte han. Etter at Jakob kom til Irland, gjorde Talbot til hertug av Tyrconnell og marki av Tyrconnell, titlar som berre vart respektert av jakobittane. Etter nederlaget i slaget ved Boyne i 1690, reiste Tyrconnell til Frankrike for støtte. Han kom attende til Irland i 1691, men døydde av apoplexi like før Limerick fall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Richard Talbot, 1. jarl Tyrconnell portrait at npg.org.uk