Ripon
|
Ripon |
||
|---|---|---|
| Fountains Abbey ved Ripon | ||
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land | ||
| Konstituerande land | ||
| Grevskap | North Yorkshire | |
| Distrikt | Harrogate | |
| Geografi | ||
| Innbyggjarar - By (2001) |
15 922 |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | HG4 | |
| Telefon-retningsnummer | 0 1765 | |
Ripon er ein by i grevskapet North Yorkshire i England. Han har kring 16 000 innbyggjarar og er ein katedralby og marknadsby som ligg der elvane Ure, Laver og Skell renn i hop. Byen er kjend for Riponkatedralen og Ripon Racecourse. Sjølve byen er litt over 1300 år gammal og er ein av berre to byar med status som city i North Yorkshire. Den andre er York.
Byen vart opphavleg kalla Inhrypum og vart grunnalgd av St. Wilfrid i tida til Angle-kongedømet Northumbria. Etter ein periode under vikingane gjekk byen til Cerdic-dynastiet som samla England og så under normannarane som øydela mykje av byen. Etter ein kort periode med utbyggingar under Plantagenet-familien, vart byen ein viktig stad for ull- og tekstilproduksjon. Ripon vart kjend for produksjon av sporer på 1500- og 1600-talet, men endra seg ikkje stort før den industrielle revolusjonen.
Historisk var byen ein del av West Riding of Yorkshire. Ripon er den fjerde minste byen med status som city i England. Han ligg 18 km sørvest for Thirsk, 26 km sør for Northallerton og 19 km nord for Harrogate. I tillegg til katedralen og bilbanen trekkjer Ripon turistar fordi han ligg nær verdsarvstaden Studley Royal Park og Fountains Abbey.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ripon» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2011.