Ristingbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 54°46′S 36°6′W
Ristingbreen
isbre
none  Ristingbreen flyt ut i Drygalskifjorden
Ristingbreen flyt ut i Drygalskifjorden
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°46′S 36°6′W
South Georgia and the South Sandwich Islands in United Kingdom.svg

Ristingbreen er ein isbre som er 8 km lang og som ligg nord for Jenkinsbreen og flyt søraust til enden av Drygalskifjorden sør på Sør-Georgia. Han vart kartlagt av South Georgia Survey (SGS) under Duncan Carse i perioden 1951-57, og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Sigurd Risting (1870-1935), ein norsk kvalfangsthistorikar og sekretær i Norsk Hvalfangerforening i 1918-35, og redaktør i Norsk Hvalfangst-Tidende i 1922-35. Den tyske antarktisekspedisjonen under Wilhelm Filchner i 1911-12, namngav Drygalskifjorden og denne breen etter Erich von Drygalski, leiaren for Den tyske antarktisekspedisjonen i 1901-03, men namnet for breen overlevde ikkje. Fleire stader i Antarktis, inkludert Drygalskibreen, er kalla opp etter Drygalski.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Risting Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).