Roald G. Bergsaker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Roald Georg Bergsaker (fødd 5. juli 1942) er ein norsk høgrepolitikar frå Sandnes.

Bergsaker har vore ordførar i Sandnes kommune frå 1986 til 1990 og var fylkesordførar i Rogaland fylkeskommune frå 1999 til 2007.

Før han blei fylkesordførar var Bergsaker direktør i Forus Industritomteselskap. Han har òg vore styremedlem i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité.