Roar Hagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Roar Hagen (fødd 15. april 1954 i ØrstaSunnmøre)) er ein norsk avisteiknar og bokillustratør.

Han har utdanning som grafisk formgivar. Han starta som avisteiknar i Sunnmørsposten i 1975. I åra 1978 til 1986 var han i Stavanger Aftenblad. Frå 1986 har Roar Hagen vore avisteiknar i VG. Fra 1989 har han vore tilslutta Cartoonists & Writers Syndicate i New York, som formidlar teikningar til rundt 200 aviser og magasin over hele verda. Han har hatty teikningar i mellom anna Die Zeit, International Herald Tribune, Der Spiegel, Newsweek, Time Magazine.

Roar Hagen er far til skodespelar Pål Sverre Valheim Hagen.

Han har gjeve ut boka (Ikke bare) djevelstreker. Saman med Arill Riise har han gjeve ut Livet på Sunnmøre blant bona og dæmmagutta (1998) og Sild og Grandiosa. (2006)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Olav Åmås [red.]: «Hagen, Roar» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)