Robert Hooke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robert Hooke
13 Portrait of Robert Hooke.JPG
Robert Hooke måla av ein kunstnar. Det finst ingen teikningar eller måleri av Hooke frå då han levde, så ingen veit sikkert korleis han såg ut.
Fødd 28. juli 1635
FreshwaterIsle of Wight i England
Død 3. mars 1703 (67 år)
London i England
Nasjonalitet Engelsk
Institusjonar Oxford University
Alma mater Christ Church i Oxford
Akademiske rettleiarar Robert Boyle
Kjend for Hooke-lova
Mikroskopi
nytta ordet 'celle'
Influerar Richard Busby

Robert Hooke (27. juli 16353. mars 1703) var ein engelsk fysikar og matematikar.

Han var professor i geometri ved Gresham College frå 1665. Han fann opp lommeuret og gav i 1665 ut eit optisk arbeid, Micrographia, der han skildrar sine observasjonar med eit forbetra samansett mikroskop. Her finst dei første skildringar av plantene sine celler. Hooke gjorde òg ei rekkje forbetringar ved astronomiske instrument og konstruerte den første reknemaskinen. Han utførde ei mengd fysiske undersøkingar over fall-lova, pendelen, interferensfarger i tynne hinner, faste lekamar sine elastiske tilhøve og mykje meir.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Robert Hooke. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 8. november 2013 frå http://snl.no/Robert_hooke.