Robert Hope-Jones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Robert Hope-Jones (9. februar 185913. september 1914) var ein engelsk orgelbyggjar, kjend som opphavsmannen åt kinoorgelet. Han fann òg opp ein tåkelur som enno er i bruk.

Hope-Jones var fødd i landsbyen Hooton Grange i Cheshire, England. Som sjefelektrikar i det lokale telefonselskapet fekk han røynsle med lågspenningselektrisitet, og denne teknikken var han av dei fyrste til å overføra til pipeorgelet med heppe. Han fekk ry på seg for å vera mellom dei mest oppfinnsame og banebrytande orgelbyggjarane i Europa.

I 1903 vart Hope-Jones tvungen til å flytja til Sambandsstatane, der han arbeidde for Rudolph Wurlitzer-fabrikken. Her tok livsverket hans form — det klassiske pipeorgelet vart gjennom ei mengd tekniske og musikalske nyvinningar utvikla til eit «Unit Orchestra», særleg tilpassa film- og populærmusikk. Dette instrumentet vann frå fyrste verdskrigen og fram til ljodfilmen overtok på 1930-talet svært innpass på kinoane i Sambandsstatane og Storbritannia, og var på folkemunne kjent som The Mighty Wurlitzer.

Robert Hope-Jones tok sjølvmord i eit hus i Rochester, New York i 1914.