Sjølvmord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit skilt på Golden Gate Bridge i San Francisco, verdas mest brukte sjølvmordsstad.[1] Teksten oppfordrar folk til å ringa etter hjelp istaden for å ta livet sitt. I Noreg er det tilsvarande krisetelefonar på nummer 815 33 300 (Kirkens SOS) og 810 30 030 (Mental helse).
«Suicide». Måleri frå 1877 av Edouard Manet.

Sjølvmord eller sjølvdrap vil seia å døy gjennom si eiga, villa handling. Det finst mange grunnar til å utføra sjølvmord og sjølvmordsforsøk, frå psykiske lidingar som depresjon til eit medvite ønske om å framføra ein sterk protest. Emnet er sterkt tabubelagt, særleg i Vesten, der det lenge var knytt straff til handlinga anten ein lukkast eller mislukkast. I visse andre kulturar har det derimot vore knytt mindre skam og meir ære til sjølvmordshandlinga.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

Ifølge Verdshelseorganisasjonen døyr rundt 870 000 menneske for eiga hand kvart år, fleire enn dei som blir drepne i krigshandlingar og trafikkulukker. Sjølvmord er ein av dei tre største dødsårsakene i aldersgruppene mellom 15 og 44 år.

På grunn av dei sterke kjenslene, ulike samfunnssyn og definisjonar på sjølvmord er det vanskeleg å samanlikna statistikk mellom land. Nokre stader skjuler ein gjerne sjølvmord som ulukker eller naturlege dødsfall på grunn av stigmaet ein slik død inneber. Med dette i minne kan ein seia reint generelt at det rapporterte talet på sjølvmord er høgt i Aust-Europa og austre og sentrale Asia, medan det er lågt i muslimske land og Latin-Amerika. Den vanlegaste dødsmåten er forgifting med plantevernmiddel.[2]

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Fleire årsaker kan oppmuntra eller føra til sjølvmord. Ytre årsaker kan vera alvorlege tap eller nederlag, som dødsfall, skilsmisse, arbeidsløyse, andre kriser eller stress. Ein kan også påverkast av ulike religionar og ideologiar (som nasjonalisme), filosofiar (som nihilisme) eller andre impulsar til å ta livet sitt. Indre årsaker, som kan utløysast av dei ytre, er depresjon, bipolar liding, angstliding, posttraumatisk stressliding eller stoffmisbruk (medrekna alkoholisme).

Meir uvanlege, men ofte mykje omtalte, årsaker for å utføra sjølvmord er ønske om å markera motstand mot noko, eller å redda nokon. I irsk tradisjon kunne til dømes ein som var blitt urettvist behandla av ein som var mektigare enn han markera dette ved å sveltestreika ved døra hans. Om streikaren døydde, førte det stor skam over den mektige mannen.[3] Under den andre verdskrigen kunne motstandsfolk ta livet sitt for ikkje å røpa støttespelarane sine under tortur.

Førebygging[endre | endre wikiteksten]

Sjølvmord er prøvd hindra gjennom avskrekkande straffer for den som prøver eller klarer å utføra det, men i moderne tid har synet på sjølvmordaren endra seg slik at ein i mange land prøver å hjelpa dei som har sjølvmordstankar med å halda seg i live. Forbod retter seg no gjerne heller mot sjølvmordsreiskapar, som skytevåpen og giftstoff.

Mot slutten av 1900-talet blei sjølvmordsførebygging ei politisk sak som førte til oppretting av forskings- og førebyggingsprogram i fleire land. Det norske Stortinget vedtok Handlingsplan mot selvmord 1994-1998 i 1994. Sidan 2003 har Verdsdagen for sjølvmordsførebygging blitt markert 10. september kvart år.[4]

Syn på sjølvmord[endre | endre wikiteksten]

Innan vitskapen[endre | endre wikiteksten]

Sjølvmord er blitt diskutert innan fleire ulike vitskapsfelt, som filosofi og sosiologi. Statistikk rundt handlinga blei først studert vitskapleg av Emile Durkheim, som gav ut si studie i 1897. Han meinte at sjølvmordsraten var høgast i samfunn som var strengt kontrollerte og i dei som var på andre enden av skalaen, nesten utan kontroll.

Innan medisin blir sjølvmordstankar og sjølvmordsforsøk sett på som ei liding som ein kan prøva å gjera noko med gjennom å sjå etter faresignal og følgja opp med psykiatrisk hjelp.

I samfunnet[endre | endre wikiteksten]

Sjølvmordet til Sokrates måla av Jacques-Louis David. Filosofen tømde eit giftbeger etter at han blei dømd til døden.

Sjølvmord er forbode i religionar som kristendommen, jødedommen og islam, og har vore eller er det i lovområde påverka av desse religionane. Det har derimot vore noko meir akseptert i ein del andre tradisjonar, og sett på som ei god handling i visse høve.

Sjølvmordarar har blitt straffa etter døden med å mista retten til eigedommen sin, slik at arvingane deira ikkje får noko, eller å bli gravlagd visse uønska stader, til dømes utanfor vigsla jord.

Sjølvmord blir forstått og delvis akseptert som ein måte til å unngå liding gjennom til dømes tortur, fangenskap eller sjukdom, eller for å redda andre sine liv. Rituelle sjølvmord har vore godkjende for å hindra tap av ære (som japansk harakiri eller tamilsk vadakkirutthal) eller lausriving frå den materielle verda (som djainistisk sallekhana), eller forventa, som i samband med ein dødsdom i nokre delar av den vestlege antikken, eller satti-riten i nokre delar av India.

Sjølvmordsåtak der ein går ein sikker død i møte i kamp, er sett på som heltemodig i nokre kulturar (til dømes det britiske «Charge of the Light Brigade» under Krimkrigen), men blir også fordømt, særleg når åtaket går ut over sivile.

Eitt av mange stridstema i Vesten på 1900-talet har vore om ein har rett til å ta livet sitt om ein ønskjer det, og om det er rett å gje sjølvmordshjelp.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Skodespelet Romeo og Julie ender med sjølvmord.

Sjølvmordet er blitt framstilt og til tider romantisert i ei rekkje kulturelle verk. Den dramatiske handlinga er til dømes mykje brukt på scenen. Somme skildringar er blitt skulda for å påverka andre til å ta livet sitt. Den unge Werthers lidelser av Goethe er eit velkjend døme på dette, og romanen blei forboden fleire stader fordi ein meinte han fekk lesarar til å ta livet sitt.[5]

Sjølvmord i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Sjølvmord var straffbart i Noreg (gjennom tap av arv og gravlegging utanfor kyrkjegarden) fram til Kriminalloven av 1842.[6]

I Noreg døyr om lag 500 av sjølvmord kvart år, og mellom 6 000 og 8 000 menneske er i kontakt med helsevesenet etter sjølvmordsforsøk. Sjølvmord, forsøk på sjølvmord og villa sjølvskading er blant dei største helseproblema i landet.

Tidlegare var det flest eldre som tok livet av seg i Noreg; i dag er tala like høge blant unge. Rundt 15 prosent av alle dødsfall i aldersgruppa 25–35 år er sjølvmord.

Henging eller kveling er vanleg dødsmåte hos begge kjønn, men medan sjølvmord ved skyting er den nest hyppigaste dødsmåten blant menn, er han svært sjeldan blant kvinner. Flest kvinner tek livet sitt med gift. Tidlegare var det vanleg å bruka arsenikk, men giftstoff som alkohol, narkotiske stoff, sovemedisin og morfin vil også kunne lamma hjernen og ta livet av eit menneske. Også enkelte ulukker i trafikken, særleg singel- og møteulukker, kan vera forsøk på sjølvmord.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sjølvmord

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sjølvmord som siste utveg» i Vårt land
  2. Suicide prevention (SUPRE) og José M Bertolote, Alexandra Fleischmann, Alexander Butchart & Nida Besbelli: «Suicide, suicide attempts and pesticides: a major hidden public health problem» hjå http://www.who.int
  3. George Sweeney: «Irish Hunger Strikes and the Cult of Self-Sacrifice» i Journal of Contemporary History, Vol. 28, No. 3 (Jul., 1993), pp. 421-437
  4. Arne Holte: «Selvmord - en folkehelseutfordring»
  5. Engelsk Wikipedia: «Copycat suicide»
  6. «Ibsen i retten – retten i Ibsen» ved UiB