Roman Sjukhevitsj
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roman Sjukhevitsj (ukrainsk Роман Йосипович Шухевич - Roman Josypovytsj Sjukhevytsj), (17. juli 1907–5. mars 1950), også kjend under dekknamnet Taras Tsjuprynka),var ein ukrainsk politisk og militær leiar. Han leidde mellom anna opprørshæren UPA.
Sjukhevitsj var òg leiar i gruppa Nachtigall, ein bataljon av den tyske Wehrmacht som var bemanna av ukrainarar.
I oktober 1941 vart han nestkommanderande i den 201ste bataljonen av Det ukrainske Hjelpepolitiet (kalla Schutzmannshaft av tyskarane), som frå mars 1942 deltok i operasjonar mot partisanane i Kviterussland.
Frå desember 1943 var han øvstkommanderande i UPA. Han døydde i kamp mot sovjetiske politistyrkar.
Kjelde: Den engelskspråklege wikipediaen.