Romeo og Julie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Romeo and Juliet måla av Ford Madox Brown

Romeo og Julie (engelsk Romeo and Juliet) er ein tragedieskodespel skrive av William Shakespeare og er eitt av det mest berømte skodespelet hans. Skodespelet handlar om det kanskje best kjente kjærleiksparet i verdslitteraturen og er kjent som eit meisterverk av både den akademiske eliten og det breie publikum. Historia om dei henta han frå ein høgsong.

Om Romeo og Julie[endre | endre wikiteksten]

Dikting eller sanning?[endre | endre wikiteksten]

Det har vore spekulert over om Romeo og Julie er basert på historiske personar frå byen Verona. Dei to viktigaste kjeldene til Shakespeare då han skreiv skodespelet, var Arthur Brooke sin høgsong frå 1562 og Matteo Bandellos' novelle frå 1554. Arthur Brooke skreiv sjølv i innleiinga av høgsongen om Romeo og Julie var eit resultat av diktarleg fantasi. Men ein samtidig av Shakespeare, Girolamo della Corte som var krønikeforfattar for byen Verona, var overtydd om at Romeo og Julie var historiske personar og sette tidspunktet då denne hendinga skjedde til året 1303 ut frå Matteo Bandellos novelle som igjen var baserte på Luigi då Portos forteljing om Romeo og Julie som har likskapstrekk med dei andre Romeo og Julie-skriftene. Dette året var då Romeo og Julie døydde, etter Corte, og nemnde òg dei viktigaste husa som blir nemnte i historiene. Men det har vist seg at Corte har teke feil sidan Romeo og Julie er ein litterær konstruksjon og at Corte uttalte dette for å auke ryet til heimbyen.

Corte tok likevel ikkje heilt feil. Familenamna Montague og Capulet var baserte på dei italienske namna Montecchi og Cappelleti som blir nemnt i Portos kjelde og òg i Dante Alighieris «Den guddommelege komedie» frå byrjinga av 1300-talet. Men i motsetning til historiene, er desse namna namn på politiske parti som representerte nokre av dei konkurrerande politiske retningane på 1200- og 1300-talet i Nord- og Mellom-Italia. Men korleis desse blei til familienamn, skuldast at mange har feiltolka det eine verset i «Den guddommelege komedien» sidan Dante ikkje nemner at desse to namna var namn på to politiske parti. Dermed er historia om Romeo og Julie basert på feiltolking og diktarleg fridom.

Skodespelet med mange ulike syn på kjærleik[endre | endre wikiteksten]

I skodespelet «Romeo og Julie», opptrer mange ulike syn på kjærleik som kjem til uttrykk gjennom mange sentrale hovudpersonar. Gjennom Romeo, får ein innblikk i to kjærleiksformar. Den eine er forelskelsen som han viser til Rosalind og kjærleiken til Julie som blir samanlikna med Petrarcas. kjærleik til Laura. I kontrast til dette, finn ein Gregorios og Samson (to Capulet tenarar) som ser på kvinna som eit reint sexobjekt for mannleg erobringstrong. Andre former for kjærleikssyn er Mercutios ironiske reduksjon av kjærleik til sex, Julies ammejordnære fantasi om kjønnslivet og broder Lorenzos som deler paret sitt syn der han framhevar at det er naudsynt å utvise forsiktig moderasjon i kjærleikslivet.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Skodespelet startar med Romeo Montegue er djupt ulykkeleg forelska i ei kvinne (Rosalind), men ho blir gløymt når han ser Julie Capulet for første gong. Dette er kjærleik ved første blikk som kunne ha utvikla seg positivt dersom det ikkje var for at dei høyrde til kvar sin av dei to rivaliserande familiane i byen Verona. Dei bestemmer seg for å gifte seg i løynd i håp om å klare å sameine og forsone familiane saman og får støtte av sin einaste allierte (broder Lorenzo). Dei klarer dette, på eit vis.

Tolking[endre | endre wikiteksten]

Den mest kjend og kanskje den lettaste tolkinga av skodespelet er at William Shakespeare ville vise det galne med blodhemn og tvangsgiftemål berre for vinne økonomiske og politiske fordeler. Han meinte nok at det var feil å ikkje bry seg om meiningane til ekteparet og tankar rundt ekteskapet som har blitt inngått. Shakespeare var sannsynleg ein tilhengjar av at ekteskap skal berre inngåast dersom ein mann og ei kvinne har kjensler for kvarandre, utan at familien deira skal vinne noko økonomiske og politiske fordelar. For å vise denne meininga, bruker han feiden mellom familien Montague og Capulert der sonen og dottera frå kvar familie forelska i kvarandre gifter seg i løynd og at denne ramma fører til dauden til paret og at ulykke blir påført dei to familiane. Men andre ord tvang fører berre til ulykke uansett om tanken rundt dette var å oppnå noko anna.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg blei skodespelet utgjeve første gong i 1930 på Some i Gunnar Reiss-Andersen si omsetting. Skodespelet har blitt både omsett og gjendikta fleire gonger. Av dei mest kjende er André Bjerke si utgåve på riksmål og Edvard Hoem si på nynorsk.

Shakespeares kjelder til Romeo og Julie[endre | endre wikiteksten]

Roller[endre | endre wikiteksten]

  • Escalus, fyrste av Verona
  • Paris, ein ung adelsmann, slektning av fyrsten
  • Montague, overhovud for familien Montegue
  • Capulet, overhovud for familien Capulet
  • Ein gammal mann av Capulet-slekta
  • Romeo, son av Montague
  • Mercutio, slektning av fyrsten og venn av Romeo
  • Benvolio, brorson av Montague og venn av Romeo
  • Tybalt, brorson av fru Capulet
  • Bror Lorenzo, ein fransiskanarmunk
  • Bror Johannes, ein fransiskanarmunk
  • Baltasar, tenar for Romeo
  • Samson, ein tenar for Capulet
  • Gregorio, ein tenar for Capulet
  • Peter, tenar for Capulet, hjelper amma til Julie
  • Abraham, tenar for Montague
  • Ein apotekar
  • Fru Montague
  • Fru Capulet
  • Julie, dotter av Capulet
  • Amma til Julie

Borgarar i Verona, slektningar av begge hus, maskeradegjester, vaktmenn og tenarar.

Film[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på ei omsetjinga av «Romeo og Julie» på wikipedia på bokmål den 25. juni 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Romeo og Julie ved Wikisource (en).

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Romeo og Julie