Verona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Verona
Verona sett frå Castel San Pietro.
Verona sett frå Castel San Pietro.
Flagget til Verona Byvåpenet til Verona
Flagget til Verona Byvåpenet til Verona


Plassering
Verona is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Veneto
Verona
Borgarmeister Flavio Tosi
Geografi
Flatevidd
 - By

206,63 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

259 968
  1254/km²
Koordinatar 45°26′″N 10°59′″EKoordinatar: 45°26′″N 10°59′″E
Høgd over havet 59 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 37100
Telefon-retningsnummer 045
Nettstad: www.comune.verona.it

Verona er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Verona i regionen Veneto og har om lag 260 000 innbyggjarar. Byen ligg i ein stor sving i elva Adige nær Gardasjøen. På grunn av dette vart området ofte råka av flaum fram til 1956, då Mori-Torbole-tunnelen vart laga slik at 500 kubikkmeter med vatn frå Adige går rett ut i Gardasjøen når det er fare for flaum.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Verona vart grunnlagd av euganeiar, som måtte avstå byen til kenomanarane (550 fvt.). Romarane erobra Podalen og området rundt Verona rundt år 300 fvt. Verona vart ein romersk koloni i 89 fvt., og så ein municipium i 49 fvt.

Byen vart etter kvart viktig fordi han låg ved vegkrysset til fleire vegar. Stilicho slo Alarik og vestgotarane her i 403, men då gotarane tok Verona i 489 var dette starten på den gotiske perioden i Italia. Teoderik den store bygde palasset sitt her og i germanske segner er namnet Verona forbunde med han. Byen var underlagt gotarane gjennom heilt gotarkrigen (535-554), bortsett frå ein enkelt dag i 541 då ein armensk offiser slo seg gjennom ein inngang.

Amfiteateret i Verona

I 569 vart han erobra av Alboin, konge av langobardane, og i kongeriket deira vart han den nest viktigaste byen. Her vart Alboin myrda av kona si i 572. Hertugane av Treviso residerte ofte her. I Verona gjorde Adalgisus, son til Desiderius, i 774 eit siste desperat forsøk på å stå imot Karl den store, som hadde øydelagd det lombardiske kongedømet. Verona var då residens for kongane av Italia, og styret i byen gjekk i arv i familien til Grev Milo, stamfedrene til grevane av San Bonifacio. Frå 880 til 951 budde dei to frå Berengari-familien her. Otto I av Det tysk-romerske riket avstod Verona til markien av Hertugdømet Bayern.

Byen var svært velståande i denne perioden med førtiåtte tårn. Etter kvart vart dei rike borgarane mektigare enn grevane og i 1100 vart Verona ein fri kommune. San Bonifacio-familien hadde berre posisjonen som podestà i periodar. Verona vart tvunge inn i Det lombardiske forbundet av Vicenza. Dette førte til at grupper av guelfarar og ghibellinarar voks fram i Verona. Då Ezzelino IV vart vald til podestà i 1226, klarte han å omforme embete til eit permanent herskap, og i 1257 var han årsak i at 11 000 innbyggjarar frå Padova vart nedslakta på Veronasletta (Campi di Verona). Då han døydde valde Storrådet Mastino della Scala som podestà, og han gjorde om stillinga slik at han kunne gå i arv i familien hans. Borgarane i byen fekk likevel ein del av styret. Då det ikkje vart vald ny podestà i 1262 førte dette til eit statskupp og etter lange stridar vart Mastion til slutt drepe av ei adelsgruppe i byen i 1272.

I den tida, 1277-1302, sonen hans, Albert, var capitano førte byen krig mot grevane av San Bonifacio, som fekk støtte hos Huset Este. Av sønene til Albert; Bartolomeo, Alboino og Cangrande I, fekk berre den siste ta styringa over byen (1308). Han var ein krigar og fyrste som gav stønad til forfattarar som Dante og Francesco Petrarca og målaren Giotto. Ved hjelp av makt eller avtalar fekk han kontroll over byane Padova (1328), Treviso (1308) og Vicenza.

Balkongen til Julie, gjort kjend gjennom Romeo og Julie av William Shakespeare.

Alberto vart etterfølgd av Mastino II (1329-1351) og Alberto, son til Alboino. Mastino haldt fram med onkelen sin politikk og erobra Brescia i 1332, noko som tok makta hans til andre sida av Po. Han kjøpte Parma (1335) og Lucca (1339). Etter Kongen av Frankrike, var han den rikaste fyrsten på denne tida. I 1327 danna det seg derimot eit mektig forbund mot han som bestod av Firenze, Venezia, Visconti-familien, Este-familien og Gonzaga. Etter ein tre år lang krig var Scaliger sine område redusert til Verona og Vicenza (Mastino si dotter, Regina-Beatrice della Scala gifta seg med Barnabò Visconti). Mastino sin son Cangrande II (1351-1359) var ein ond, lastefull og tvilsam tyrann. Han stolte ikkje på sine næraste og omgav seg med leigesoldatar frå Brandenburg. Han vart myrda av bror sin Cansignorio (1359-1375), som bygde vakre palass, akveduktar og bruer i byen, samt oppretta ein statskasse. Han tok òg livet av den andre bror sin, Paolo Alboino. Det ser ut til at brodermord vart ein fast familietradisjon for Antonio (1375-87), Cansignorio sin ekte bror, tok livet av broren Bartolomeo, og hissa dermed opp folket sitt, som så gav støtte til Gian Galeazzo Visconti av Milano som gjekk til krig mot han. Etter å ha brukt opp alle midlane sine flykta han frå Verona den 19. oktober 1387 og Scaliger-familien sitt styre i byen var over.

Antonio sin son Canfrancesco prøvde fåfengd å ta tilbake makta i Verona (1390).

Guglielmo (1404), den ekte sonen til Cangrande II, var heldigare og med støtte frå folket dreiv han ut milanesarane, men døydde berre ti dagar seinare og Vernoa vart underlagt Venezia (1405).

Frå 1509 til 1517 vart byen underlagt keisar Maximilian I av Det tysk-romerske riket.

Verona vart okkupert av Napoleon Bonaparte i 1797, men påskemandag gjekk innbyggjarane saman og dreiv ut franskmennene. Det var då Napoleon gjorde ein slutt på Republikken Venezia. Verona kom inn under Austerrike då Napoleon signerte Campo Formio-traktaten i oktober 1797. Austerrikarane tok kontroll over byen 18. januar 1798. Han vart tatt tilbake frå Austerrike med Pressburg-traktaten i 1805 og vart ein del av det napoleonske kongedømet Italia. Etter napoleonskrigane kom Verona tilbake til Austerrike og vart ein del av det austerriksk-styrte kongedømet Lombardia-Venetia. I 1866, etter ein seks veker lang krig, vart Verona, i lag med resten av Venetia, ein del av Kongedømet Italia.

Perioden under fascismen var eit mørkt kapittel for Verona. Som i resten av Italia vart dei jødiske samfunna møtt med antisemittisk propaganda og lover frå 1938 som gjorde at føretaka deira vart lagt ned og mange lokale innbyggjarar vart ført til nazistiske og italienske konsentrasjonsleirar. Eit austerriksk fort (i dag kyrkja Santuario della Madonna di Lourdes) vart nytta til å sperre inne og torturere allierte troppar, jødar og antifascistar etter 1943, då Verona vart ein del av Den italienske sosialrepublikken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Verona

Kjelder[endre | endre wikiteksten]