Rosguill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gainne Mhor frå Carraigart

Rosguill (irsk Ros Goill) er ei halvøy nordvest i County Donegal. Sheephaven Bay ligg på eine sida med roleg sjø og krittkvite strender, medan Mulroy Bay ligg på andre sida med sine lunefulle sandbankar. Sjølve halvøya består av åsar, myrområde, beitemarker og restar av eldgamle festningsverk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stranda ved Dooey

Området er segnomsust og namnet på halvøya kjem visstnok frå då Fionn mac Cumhaill til slutt oppnådde rettferd ved å ta livet av Goll mac Morna, som hadde tatt livet av far hans. Dette skal i følgje segna ha funne stad ved ei klippe kalla Carraic Ghoill (engelsk Carrickguill) utanfor distriktet Dooey. Heile området vart kalla Gollneset eller Rosgoill.

Deirdre og Naoise skal visstnok ha slått leire på stranda ved Tramore då dei flykta frå Conchobar mac Nessa, kongen av Ulster og Riddarane av Red Branch.

Det høgaste punktet på halvøya er Gainne Mhor ved søstertoppen Gainne Bheag. Namnet kjem frå Gráinne, forloveden til Fionn mac Cumhaill og elskaren til Diarmuid Ua Duibhne. Medan ho flykta frå Fionn sine Fiannakrigarar på veg til Skottland fortel segna at ho kvilte på denne åsen.

Seint på 300-talet slo son til Niall Noigíallach, Conall Gulban (som har gjeve opphav til County Donegal)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 55°12′N 7°50′W