Royal Society for the Protection of Birds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Royal Society for the Protection of Birds
Skipa1890
HovudkontorThe Lodge RSPB reserve
Fokusfuglar, Vilt, wildlife conservation
Omsetjing165 989 000 euro (2020) Sjå dette på Wikidata
Donasjonar63 924 000 euro (2020) Sjå dette på Wikidata
Tilsette2 409 (2017) Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://www.rspb.org.uk Sjå dette på Wikidata

The Royal Society for the Protection of Birds (RSPB) er ein britisk velgjerdsorganisasjon med sete i England og Skottland. Organisasjonen har som formål å fremja vern av fuglar og miljøvern generelt. Han driv kampanjar og petisjonar og driv dei fleste naturreservata i Storbritannia.[1]

Med 1300 tilsette, 18.000 frivillige og over ein million medlemmer er RSPB den største velgjerdsorganisasjonen i Europa innan dyrevern.[2] RSPB har mange lokalgrupper, og driv kring 200 naturreservat.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Han blei grunnlagt i februar 1891 av filantropen og miljøaktivisten Emily Williamson. Frå byrjinga heitte han Plumage League og bestod av ei gruppe kvinner som forplikta seg til å, med visse unntak, ikkje nytta klede med fjører.[4]

RSPB har opphav i to ulike organisasjonar som blei grunnlagde i 1891:

Begge gruppene voks, og slo seg saman i 1891 til Society for the Protection of Birds i London.[8] Det fekk nemninga «Royal» med eit kongeleg charter i 1904.[9]

Dei fyrste medlemmane av SPB var alle kvinner[10] som kjempa imot klesmoten på den tida der kvinner brukte eksotiske fjører i hattane sine, og den store og øydeleggjande jakta på fugar dette medførte. Medlemmer forplikta seg til å kjempa imot drap på fuglar og til å ikkje bruka fjører frå fuglar som ikkje var drepne for mat, med unntak av strutsefjører.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «What does the RSPB do?». RSPB. Arkivert frå originalen 2. januar 2007. Henta 19. februar 2007. 
  2. «About the RSPB». RSPB. Arkivert frå originalen 25 mars 2012. Henta 19 February 2007. 
  3. «Reserves & events». RSPB. Arkivert frå originalen 21. september 2013. Henta 13. februar 2010. 
  4. Punch, Punch Publications Limited, 1889, s. 197. Henta 23. januar 2013. 
  5. Penna 1999, s. 99.
  6. «Milestones». RSPB. Henta 19. februar 2007. 
  7. «Fin, Fur and Feather leaflet». Bodleian Library. Henta 18. desember 2022. 
  8. 8,0 8,1 «A history of the RSPB, from its humble beginnings, to the thriving far-reaching organisation it is today.». Royal Society for the Protection of Birds. Henta 13. februar 2017. 
  9. «Charter and Statutes». RSPB. Henta 3. februar 2016. 
  10. «Five women who founded the RSPB - Natures Home magazine uncovered - Our work - The RSPB Community». ww2.rspb.org.uk (på engelsk). Henta 30. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]