Ruawai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ruawai er ein liten by 30 km sør for Dargaville i regionen NorthlandNew Zealand. Folketalet var 426 ved folketeljinga i 2006, ein nedgang på 30 frå 2001.[1]

Namnet kjem frå maorispråk og tyder «to vatn», som peikar på den nærliggjande elva Wairoa og den naturlege hamna Kaipara Harbour. Byen er primært eit tenestesenter for det omliggjande jordbruksområdet som for det meste driv kvegavl og dyrking av søtpotet.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Ruawai har to skular med fem klassetrinn kvar.

Ruawai School er grunnskulen (1.-6. skuleår) med eit elevtal på 128.[2]

Ruawai College er ein ungdoms- og vidaregåande skule (7.-13. skuleår) med 171 elevar.[3] Ruawai District High School vart oppretta i 1929.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistics New Zealand. Final counts – census night and census usually resident populations, and occupied dwellings - Kaipara District.
  2. Utdanningsministeriet på New Zealand. Te Kete Ipurangi - Ruawai School. Vitja i 2008.
  3. Utdanningsministeriet på New Zealand. Te Kete Ipurangi - Ruawai College. Vitja i 2008.
  4. Wayne Ryburn (1999) Tall Spars, Steamers & Gum, s. p 167 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven. ISBN 0-473-06176-7.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 36°8′11″S 174°1′26″E

Spire Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.